Spelarmøte (20.04.07)
Det vart i går halde årets andre spelarmøte for VIL-spelarane. Som sist gong vart møtet halde i kjellaren på Lægreid Hotel, men denne gongen måtte spelarane ta til takke med ein kaffikopp i motsetning til sist då dei fekk gassa seg med pizza og brus gjennom heile møtet.
Trenar Emil hadde stort sett ordet heile møtet gjennom og han byrja med å få detaljane rundt det nye draktsettet på plass. Draktene er allereie bestil og me håpar å få dei på plass innan seriestart. Naturlegvis vart det kamp om ein del av nummera og det måtte eit par loddtrekningar til før alt var på plass. Det ser ut som om så godt som alle spelarane vil kjøpa drakta til odel og eige, bortsett frå Tor Olav som ikkje skjønnar kva han skal med ei Veitastrond drakt når han flytter heim til Suldal - kanskje du skjønar det når du sit einsom og forlatt på ein hybel i Rogaland og lengtar tilbake til dei blåe tider?!
VIL går for opprykk
Emil lot spelarane få ordet når me skulle fastsetta målsettinga for sesongen 2007. Det er tydeleg at VIL gutta ikkje er dei mest taletrengde i store forsamlingar og Emil måtte dra heile diskusjonen i gang på eigahand. Han sjølv la ikkje skjul på at han både som trenar og spelar har ambisjonar om å rykka opp eit hakk til 5.div. Dei fleste spelarane var samde i dette og alle var einige om at med det spelarmaterielle me no har burde det ikkje vera noko umogleg oppgåve. Sjølv om me ikkje veit det heilt sikkert så tyder mykje på at to lag rykker dirkete opp i år grunna omlegging av seriesystemet, noko som sjølvsagt gjer sjansane betrakteleg større. Dette er forøvrig 4 sesong på rad at me har som mål av oss å rykka opp, så då får me sjå om me klarar å takla presset me set på oss sjølve betre denne gongen enn det me har gjort før.
Ellers så vert sjølve målsettinga som tidlegare år ved at me set eit mål på kvart av kortsidene.
Lukkeleg vinnar_spelarmote2/stoltsomeinhane.jpg)
Spelarmøtet vart også nytta til at Vidar Vadseth fekk sin velfortjente premie som vinnar av konkurranse 1 på Veitastrond.com. Det var med eit stort fåreglis rundt truten og ei lita tåre i augnekroken at han tok i mot premien på 20 skattefrie krone frå vevansvarleg Richard Nes. "Eg har venta på noko slikt som dette heile livet", utbraut ein rørt vinnar etter utdelinga.
Minner om at om du vil bli like lukkeleg som Vidar kan du svara på konkurranse 3 HER.
Dramatisk på treninga
Etter spelarmøtet reiste dei oppmøtte opp i Storhallen til ei forsinka trening som var utsett til 21:00.
Alt gjekk flott føre seg heilt til siste speleøkt. Ole Kristian Vikheim og Øivind Kristiansen braka saman i duell, og ein kunne tydeleg høyra at det knaka då dei skalla saman. Personleg var eg sikker på at nok eit fagert VIL-nasagrev hadde gått med, men det viste seg heldigvis å vera feil. Det gjekk slik tåleg bra med Øivind, medan Ole Kristian fekk seg ein kul i Tom & Jerry klassen over sitt høgre auga. Han følte seg heller ikkje heilt i form og det var mistanke om hjerneskaking, så han fekk kveldens tilskodar Kurt Heggestad til å køyra seg ned på legevakta.
Etter rapportane står det bra til med Ole Kristian, og det vart ikkje påvist noko hjernerysting. Likevel er lite truleg at han er klar til kamp mot Bjørn i kveld. Me ynskjer Vikheimen god bedring!
Fleire bilder frå møtet finn du HER.
|