|
Statistikk for april
Seriespelet er kommen i gang, og me har fått lagt alt som heiter sesongoppkøyring og april månad bak oss. Me tek no ein titt tilbake på tal og statistikkar for førre månad.
Den siste månaden før det heile braka laust var noko ujamn treningmessigt. Me har hatt problem med å finna både faste treningstider og treningsbaner, noko som har ført til eit dårleg treningsoppmøte. Me har lagt bak oss økter både i Sogndal, Kaupanger og Ylvisåker.
Til saman hadde me 5 treingar i april. Gjennomsnittet pr trening var på usle 13,6 mann, noko som er ein tilbakegang på nesten 5 mann pr trening. 25 ulike sjeler var innom treningsfeltet vårt, der samtlege står oppført i årets spelarstall. Berre Helge Skjælaaen som er på praksis i heile vår holdt seg unna treningsfeltet vårt av dei som er i stallen.
Det vart spelt 4 treningskampar i april. Her svinga me frå det briljante med 6-2 siger mot Hafslo til pinleg 2-3 tap mot Balestrand. I tillegg spelte med kampar mot Kaupanger 2 og Vik som enda med 2-2 og 1-6 tap.
Månadens spelar
Som i mars står også denne gongen ein mann åleine på topp. Denne gongen er det Richard Nes som stikk av med tittelen månadens spelar. Han står bokført med 5 oppmøte og 4 vinnarar, noko som gjer han 9 poeng. Saman med vinnaren var det berre Gøran Fimreite som hadde 100% oppmøte denne månaden.
Bak Richard føl Even Kvam og Øystein Heggestad som begge enda med 8 poeng etter at dei står med 4 i oppmøte og 100% utteling.
Skal og ta med at april månad var noko spesiell når det kjem til korleis poenga vart utdelt. På ein trening var det mogleg å sanka 3 poeng, noko som fører til at Kim Andre Navarsete står bokført med ein vinnardel på 150% på dei 2 treningane han var på. I tillegg fekk alle oppmøte 2 poeng ved to anledningar.
I premie denne gongen får vinnaren lov til å vera med Frode Kvam å lista på nye huset hass.
Veitastrond.com
Me er stolte over å presentera besøkstala for april som var på heile 7459 treff. Dette vil seia at me slår den gamle rekorden som var slått i mars med over 100 treff.
No når sesongen er byrja reknar me med at tala kjem til å stiga endå meir, og kanskje kan me klara å nå heile 10 000 treff i løpet av ein månad. Dette er i tilfellet ein målsetnad som er på ei auke med 100% frå forrige sesong då me håpa å nå 5000 treff pr månad.
|