Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for april

Her fylgjer statistikk for april månad.

Veitastrond spelte 3 kampr denne månaden. Me byrja med den tragikomiske generalprøven mot Hafslo som enda med 1-5 tap ute på Kaupanger, deretter reiste me oss i serieopninga med å slå Lærdal 3-2 før me fall tilbake og tapte 3-5 mot Førde 2.

Grunna påske vart april ein heller dårleg treningsmånad. Me hadde berre 3 fotballtreningar der me hadde eit snitt på 13,33 mann pr trening. Me gjennomførte berre ei joggeøkte der me hadde eit oppmøte på heile 2 mann. Til saman får me då eit gjennomsnitt pr trening i april på 11 mann, noko som ikkje er så fela mykje å skryta over.

Til saman 21 mann var innom treningsfeltet vårt der 1 av desse var på gjesteopptreden.

Månadens spelar

3 spelarar må denne gongen dela prisen for månadens spelar, og dette er Kim Andre Navarsete, Åsmund Øgar og Vidar Vadseth.

Dei 3 enda alle på 6 poeng av 7 mulige. Vidar og Kim Andre har begge våre på alle 3 fotballøkter og vore på vinnarlaget kvar gong. Åsmund har og 3 fotballøkter, men berre 2 sigrar. Han tek imidlertid igjen dei to andre med si eine joggeøkt.

Før siste trening i april leia Åsmund åleine, men då han ikkje var på vinnarlaget på denne treninga så måtte han altså dela prisen med dei to andre.

I premie får dei 3 lov til å vera med Johannes å gjera i stand Leikvoll til seriestart. Ta med riva og, arbeidsklede og sjølvsagt godt dugnadshumør.

Me gratulerar!

Bak dei to fylgjer 3 spelarar med 5 poeng.

Veitastrond.com

I april hadde 5529 treff på heimesida. Dette er ein auke på nesten 300 treff frå forrige månad og det beste resultatet me har hatt sidan oktober 2008.

Det vil seia at me er på rett veg, men samanlikna med fjorårets april har me faktisk nesten 2000 treff mindre. Skulle gjerne likt å visst årsaka til dette du....

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com