|
Statistikk for august
Mykje som har skjedd rundt Veitastrond Fotball i det siste så det er knapt me får tid til å oppsummera forrige månad. No har det roa seg litt etter ein hektisk start på september, og me ser tilbake på tal og statistikkar frå august.
I august spelte me 3 målrike kampar heime på Leikvoll. Me byrja med eit noko skuffande 4-4 resultat mot Breimsbygda, men som likevel var greitt nok ettersom at me kom tilbake frå 0-3. Deretter vart det full jubel når me i siste seskund avgjorde kampen mot Vadheim/Høyang2 og vann 5-4. Siste august kampen var folkefesten mot Kaupanger 2, då over 200 tilskodarar såg at me vann med komfortable ! 7-5...
Veitastrond trente noko heilt enormt mykje denne månaden då me var oppe i heile 7 treningar. Dette vil seia at det er den månaden me har trent mest i år - me er i ferd med å ta heilt av...
I snitt var det 12,8 mann pr trening. Til saman var det 25 mann som var innom treningsfeltet vår der 3 av desse ikkje står oppført i troppen vår, og berre var på gjesteopptredenar.
Månadens spelar
Denne gongen er det heile 4 mann som må dela prisen som månadens spelar. Dette er Emil Heggestad, Even Kvam, Kurt Heggestad og Gøran Fimreite som alle fekk 10 poeng i august.
   
Emil, Kurt og Even står oppført med 7 i oppmøte og 3 som vinnar, medan Gøran har 6 i oppmøte og 4 som vinnar.
Før siste trening leia Emil og Gøran, men sidan dei tapte siste trening og Even og Kurt vann så vart det 4 mann som måtte dela prisen denne gongen. Bak leiarkvartetten kjem Ole Kristian Vikheim og Geir Aardal med 9 poeng.
I tillegg til Emil, Kurt og Even var det berre Ole Kristian som hadde 100% treningsoppmøte, medan så lite som 7 mann var på 6 eller fleire treningar.
I premie denne gongen får dei 4 vinnarane lov til å måla ferdig det flotte treningshuset på Veitastrond. Me gratulerar!
Veitastrond.com
I august hadde me 5154 treff på heimesida vår.
Dette er eit midt på treet resultat, som me er mellomnøgde med. Me vonar at me får fleire treff no når me er inne i den skjebnesvangre og utruleg spanande september månad.
|