|
Statistikk for august
Her fylgjer statistikk for ein hektisk og til tider turbulent august månad.
I august vart det spelt heile 5 kampar der Veitastrond står attende med 3 (minus 1) sigerar og 2 (pluss 1) tap. Me byrja med å ta vår andre siger for året mot Lærdal når me slo dei 3-1. Deretter tapte me den viktige kampen mot Førde 2 med 3-4, før me slo tilbake og vann noko overraskande 3-2 mot Selje. For dei som ikkje har fått det med seg så mista me desse 3 poenga etter at Selje la inn protest....trur ikkje me går noko meir innpå det her...
Etter ein kjempe innspurt mot Eid 2 vann me til slutt 7-4 heime mot dei, før me avslutta månaden med å gå på eit ufortent og bittert tap borte mot Syril med 2-3.
Sjølv om me berre fekk godkjent 2 sigerar i august så fekk me likevel med oss like mange poeng på desse 5 kampane som me gjorde på dei 11 fyrste på vårsesongen.
Me hadde 3 treningar denne månaden med eit gjennomsnitt på 12,7 mann pr trening. Til saman 21 ulike fjes var innom treningsfeltet vårt i august.
Månadens spelar

Me byrjar snart å bli lei av å skriva dette, men nok ein gong er det Åsmund Øgar som stikk av med prisen som månadens spelar. Åsmund byrja å trena med VIL i slutten av mars, og har sidan den gongen motteke denne prisen i april, mai, juni og altså no i august. Dette er utruleg imponerande av Åsmund og som me har skreve før så er han eit eksempel til etterfølge for dei andre VIL-spelarane.
På dei 3 treningane i august var Åsmund den einaste som fekk full pott med 6 poeng. Bak han fulgte Arne Nes og Even Kvam med 5 poeng kvar.
I premie denne gongen får Åsmund lov til å merka Leikvoll før ein utvalgt heimekamp no i haust.
Me gratulerar.
Veitastrond.com
I august hadde heile 7428 treff på våre heimesider. Dette er ein oppgang på ca 3200 treff sidan forrige månad.
Samanlikna med fjorårets august er det og bra då me i år har over 2000 fleire treff. Alt i alt er dette den 4.beste månaden vår nokon gong der fjorårets mai framleis er best med sine 7641 treff.
Me håpar at brukarane våre finn vegen til Veitastrond.com i september òg.
|