|
Statistikk for februar
Då er feburar månad overstått, og me oppsummerar årets andre månad. Ein månad som har vore prega av eit treningsoppmøte som har vore litt opp og ned, og to godt gjennomførte kampar.
Framleis trenar me berre 1 gong i veka, og dette kjem me nok til å halda fram med til påske. Etter denne høgtida er planen å leiga seg plass på kunstgraset på Kaupanger, også utvida treningsgrunnlaget med ca 100%.
I februar gjennomførte med 4 treningar der me hadde eit snitt på nøyakig 15 mann pr trening, noko som er ein nedgang på 1,5 ifrå januar. Det har svinga frå 22 mann til 10 mann pr trening, og dette må sjølvsagt forbetrast i tida som kjem. Med dagens spelarstall bør snittet ligga ein stad mellom 16-20 mann pr trening! Til saman 23 mann har vore innom treningfeltet vårt denne månaden, der 4 av desse har vore på anten gjeseopptreden eller prøvespel.
Me spelte 2 treningskampar i februar. Dette endte med siger 3-2 mot Syril og knepent tap 2-4 mot Jølster. Begge motstandarane spelar i 4.divisjon, og me må seia oss særs godt nøgde med desse to kampane. Samanliknar me med fjoråret så byrja me og då me to treningskampar mot lag som spelte ein divisjon over oss, dette endte med tap 1-5 og 2-8. Den gongen hadde me 20 treningar bak oss før kampane, medan me i år hadde berre 8 - altså så lønnar det seg å trena minst mogleg før me spelar kamp...
Månadens spelar
Det er to blad Kvam som overlegent stikk av med prisen som månadens spelar for feburar. På 4 treningar oppnådde både Even- og Frode Kvam full pott og 8 poeng, noko som må seiast å vera meget imponerande. Spesielt imponerte er me over Even som får denne prisen for andre gong på rad. I premie denne gongen får dei to i oppgåve å bestemma kva som er beste staden; Sogndalkvam eller Kvam mot Strondi. Løysinga skal leggast fram for re sten av spelargruppa på førstkommande trening.
Nærmast dei to vinnarane var Ole Kristian Vikheim med 7 poeng, medan 3 mann endte opp med 6 poeng.
Veitastrond.com
Heimesida vår hadde ein kanon månad i februar, og me registrerte heile 4523 treff. Dette er ein framgang på nesten 1000 treff frå januar, og faktisk den nest beste månaden me har hatt nokon gong. Berre juni 2007 var bedre.
Med så oppløftande tal på denne tida av året føler me oss sikre på at me kjem til å knekka rekorden i løpet av året. Så er berre å halda fram med å vitja oss.
|