|
Statistikk for februar
Nok ein månad er forbi, og av det kjem det endå meir statistikk.
I februar spelte Veitastrond ein treningskamp som enda me eit knepent 0-7 tap for Sogndal 2.
Treningsmessig vart det heller ikkje noko månad å ropa hurra for. Ei av treningane vart halvert grunna treningskamp i Storhallen, medan ei økt vart avlyst grunna mannefall til skidag. Dette gjorde at me berre fekk gjennomført 3 fotballtreningar i februar, men i tillegg fekk me med oss 2 joggeøkter.
På fotballtreningane hadde me eit snitt på 14,67 mann, medan joggeøkta tydlegvis ikkje fall heilt i smak då me her har hatt eit snitt på 7 mann. Til saman på 5 treningar får me eit snitt på 11,6 pr trening, og me anar her eit forbetringspotensiale.
Månadens spelar

Nok ein gong så tronar ein mann åleine på toppen som månadens spelar, og dette er ingen ringare enn Gøran Fimreite.
På dei 3 fotballøktene i februar har han vore på alle, og han har og vore på vinnarlaget kvar gong. I tillegg til dette er han ein av få som har møtt opp trufast på jogginga, og dette gjer at han til saman får 8 poeng og 100% uttelling i februar og er dermed ein verdig vinnar.
I premie denne gongen får Gøran lov til å jobba som torpedo for Veitastrond Fotball. Hass fyrste oppgåve vert å sørga for at alt av treningsavgift for både 2008 og 2009 er på konto "as soon as impossible"... Me gratulerar!
Bak Gøran fulgte Richard Nes med 7 poeng og Even Kvam og Bjørn Molland med 6 poeng kvar.
7 spelarar var på samtlege fotballøkter og 5 var på samtlege joggeøkter. Berre 3 spelarar var med på alle øktene til saman!
Veitastrond.com
I februar hadde me 3720 treff på heimesida vår, noko me er slik passeleg nøgde med.
Dette er ein liten tilbakegang frå januar, men hadde februar hatt 31 dagar ville me ha likevel ha hatt fleire treff no. Samanlinka med fjorårets februar er dette ein tilbakegang på bortimot 800 treff, og me vonar at oppslutnaden rundt heimesida vår vil ta seg opp i tida framover.
Me minner og igjen om at gjesteboka vår virkar å vera i perfekt stand igjen, og denne er det mogelg å bruka meir dersom ein har noko på hjarta.
|