Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for januar

Årets fyrste månad er over, og me tek eit tilbakeblikk på kva som skjedde på treningsfeltet til VIL. Få og med deg kven som vart månadens spelar for januar.

For tida trenar me berre 1 gong pr veka, slik at me i januar står bokført med 4 treningar. Me kjenner på kroppen at dette ikkje er nok, og me kjem heilt sikkert til å auka dette antallet etterkvart som seriestarten nærmar seg.

I januar hadde me eit snitt på 16,5 mann pr trening, noko som er eit bra antall. Samanlikna med i fjor er me omtrent likt då me i januar i fjor hadde eit snitt på 16,7 mann pr trening.  Til saman har det vore 24 mann innom treningane våre der berre 2 stk er utelukka frå VIL sin spelarstall anno 2008.

Månadens spelar 

Det er tre mann som kan smykka seg med tittelen årets spelar for januar. Desse er Frank Heggestad, Ivar Melby og Even Kvam som alle enda med 7 poeng. Dei står alle bokførte med 4 oppmøte og 3 gonger på vinnande lag. Før siste trening låg Frank og Ivar på topp med 100% uttelling, men på siste trening i januar vart dei så til dei grader rundspelte slik at dei måtte sjå at Even Kvam kraup opp på sida av seg.

I fyrstepremie får dei tre vinnarane lov til å grava snøtunell gjennom raset som for tida isolerer Veitastrond får omverda.

Bak dei tre vinnarane fulgte 4 mann med 6 poeng. Til saman er det 10 mann som framleis står bokført med 100% oppmøte.

Veitastrond.com

I januar registrete me 3571 treff på heimesida vår. Dette er ein kraftig framgang frå november og desember og me vonar at brukarane held fram med å vitja oss. Kanskje kan me slå rekorden frå i fjor seinare i år?

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com