|
Statistikk for juli 2009
Sommarmånaden er overstått og me ser attende på det vesle som har vore av aktivitet rundt Veitastrond Fotball.
Det har ikkje vorte spelt nokon kampar i juli, men det det vart gjennomført to treningar i veka før seriekampen mot Lærdal 1.august.
På desse to treningane hadde me eit gjennomsnitt på 13,5 mann pr trening. Til saman 18 ulike par med mannabein var innom treningsfeltet der 1 av desse berre var på gjesteopptreden.
Månadens spelar

To spelarar klarde å oppnå full pott og 4 poeng på dei to treningane i juli. Desse to var Kurt Heggestad og Arne Nes og dei kan då smykka seg med tittelen månadens spelar for juli.
Kurt står no med 18 treningar der han har vore på vinnarlaget heile 16 gonger og har dermed ein vinnarprosent på 88,89%. Dette er særdeles imponerande og me bøyer oss i støvet.
I premie får dei to lov til å arrangera ein dugnad framme på treningshuset slik at ein får gjort siste finishen på dette praktbygget.
Etter Kurt og Arne fulgte 4 mann med 3 poeng.
Veitastrond.com
I juli hadde me 4268 treff på heimesidene våre.
Dette er ein venta nedgang på ca 1800 frå forrige månad, men dersom me samanliknar med fjorårets juli så ligg me ca 700 treff over i år.
|