|
Statistikk for juni 2009
Sjå statistikk for juni månad.
I løpet av juni har Veitastrond spelt 5 kampar og gått på 5 strake tap. Me har tapt 1-3 vs Dale, 2-7 vs Årdal 2, 1-4 vs Sandane, 3-4 vs Skavøypoll og 5-6 vs Askvoll/Holmedal. Me går ikkje inn med noko analyse av desse kampane her, men resultata talar vel eigentleg for seg sjølv...
Me har i juni hatt 4 treningar og har på desse hatt eit gjennomsnitt på 12,75 mann pr trening. Til saman var 22 mann innom treningsfeltet der 2 stk har vore på gjesteopptreden.
Månadens spelar

For tredje månad på rad er det Åsmund Øgar som stikk av med prisen som månadens spelar, og denne gongen får han den heilt åleine. Dette er utruleg imponerande innsats av Åsmund, og faktisk har han fått denne prisen i samtlege heile månadar han har vore med Veitastrond. Sidan han signerte i slutten av mars er han den einaste som har vore på samtlege 12 fotballøkter og i tillegg vore på dei 2 joggeøktene me har hatt.
Åsmund Øgar er eit eksempel til etterfølge for alle andre VIL-spelarar.
Sidan Åsmund har fått prisen 3 månadar på rad får han i premie denne gongen lov til å dansa fugledansen framfor publikum i pausen heime mot Lærdal 1.august. Dette er noko som me veit at Åsmund har drøymt om lenge...
Me gratulerar!!!
Nærmast Åsmund var Geir Aardal, Emil Heggestad og Kurt Heggestad som alle enda opp med 6 poeng.
Veitastrond.com
I juni hadde me 6086 treff på Veitastrond.com. Dette er ein oppgang på ca 100 treff frå forrige månad. Det er det beste resultatet me har hatt sidan september 2008, og samanlikna med fjorårets juni ligg me ca 200 treff over.
Dette er me godt nøgde med, og me vonar at brukarane våre vil halda fram med å vitja sidene våre.
|