Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for mai

Det er dagen derpå, og Veitastrond er framleis i lykkerus etter at me i går nedsabla Hafslo noko so grasialt på deira eige gras. Likevel tek me oss tid på ein slik dag å gje brukarane våre turre fakta og statistikkar frå mai månad.

Me har denne månaden starta opp serien for fullt, og me spelte til saman 4 kampar. Det heile byrja så dårleg då me klarde å rota oss bort å tapte 2-3 mot Breimsbygda i fyrste kamp. Etter det har det gått så mykje betre, og me sanka inn 3 straka sigrar mot Vadheim/Høyang 2, Kaupanger 2 og Gaular. Med desse resultata er me så absolutt med å kjempa heilt i toppen av 5.divisjon avd 1.

Me har fått opp ein betre treningskvalitet i mai enn det me hadde i april. Mykje av dette skuldast at me no trenar fast på måndager oppe på Hafslo, og dersom det passar seg med kampoppsettet trenar me og på torsdagar framme på Strondi. Sjølvsagt passar me på at me ikkje vert overtrente, og me har sjeldan meir enn 2 økter for veka (1 trening + 1 kamp)

I mai var for fyrste gong samtlege 26 spelarar i troppen å sjå på treningsfeltet. Ingen utanfor troppen deltok på trening denne månaden. I alt hadde me 5 treningar der me hadde eit snitt på 16,2 mann pr trening.

Månadens spelar

Etter å ha trona åleine på toppen på treningsstatistikken det meste av sesongen, så beviste berre Even Kvam kven som er kongen på treningsfeltet i mai. På dei 5 treningane fekk han i alt 9 poeng og vann med 2 poeng framfor Emil Heggestad, Richard Nes og Sindre Mørkve som alle enda opp med 7 poeng.

Dette er 3. gongen av 5 mulege månadar at Even får denne utmerkinga.

I tillegg til Even var Gøran Fimreite, Emil Heggestad og Richard Nes og tilstades på samtlege 5 treningar.

I premie denne gongen får den suspenderte vinnaren lov til å ta med seg videokamera og filma under neste seriekamp mot Jølster 2 (nokon som vil ha VIl-filmen 2008...?)

Veitastrond.com

Etter rekordmånaden i april var me spente på å sjå om dette var ein spesiell månad, eller om me skulle klara å oppretthalda dei gode besøkstala.

Me er difor glade for å kunne annonsera at me i mai hadde 7641 treff, noko som er 182 meir enn forrige månad og dermed ny rekord igjen.

Hurra for oss!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com