|
Statistikk for mai 2009
Sola skin og sumaren er komen. Me er likevel av den nostalgiske typen og nyttar tida vår på å sjå attede på månaden som har gått i staden for å nyta fineværet. Me gjer dykk her statistikk for mai månad.
Veitastrond har i løpet av mai spelt 4 kampar. Me byrja med å tapa 5-1 borte mot Selje på månaden sin fyrste dag. Deretter rauk me 5-4 borte mot Eid 2 før Syril og vart for sterke når dei nedkjempa oss med 4-3. I siste kamp i mai fekk me den oppturen me trengte så sårt når Saga vart slått 4-2 ute på Kaupanger. Dermed kunne me gå inn i juni med ein 9.plass på tabellen.
Treningsmessig har det ikkje vore alt for mange samlinar på løkka. Me har denne månaden hatt berre 3 fotballøkter og 1 joggeøkt. På fotballøktene hadde me eit snitt på 15,67 mann pr trening, medan me på hadde 5 registrerte joggarar på den eine springeøkta vår. Til saman hadde me då eit snitt på 13 mann pr trening dersom me tek alle øktene i lag.
Til saman 20 mann var innom treningsfeltet vårt der samtlege er ein del av spelatroppen vår.
Månadens spelar
3 spelarar delar prisen denne gongen. Dette er Kim Andre Navarsete, Åsmund Øgar og Bjørn Molland. Me gjer ei ekstra fjør i hatten til Åsmund og Kim Andre som mottek denne prisen for andre månad på rad.
  
Dei enda alle med 6 poeng der Åsmund og Bjørn har 3 i oppmøte, 2 x vinnarar og registrert joggeøkt. Kim Andre har 3 i oppmøte og 3 x vinnar på treningsfeltet.
I premie får dei æra av å laga quiz til bussturen i forbindelse med Dale kampen på fredag. Dersom de er noko de lurer på veit me om eit par karar som kan rettleia dykk med denne jobben...
Me gratulerar dei stolte vinnarane!
Nærmaste dei 3 vinnarane var Morten Hagen som kom inn på 5 poeng.
Veitastrond.com
I mai hadde me 5976 treff på heimesidene våre. Dette er ein fin oppgang på over 400 treff sidan april og det er vår beste månad sidan september i fjor.
Likevel ligg me framleis lang bak fjoråret då me hadde heile 7641 treff i mai 2008.
|