Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for mars

Nok ein månad er klar til å oppsummerast. Mars har vore ein meget god og stabil treningsmånad, medan me kun fekk med oss ein treningskamp som diverre enda med tap.

I det siste har det vore litt ulike treningstider i hallen, og me har trena frå 1 til 2 gonger i veka. No i april håpar me på å komma opp i 2 økter i veka, men det ser ikkje ut som det vert noko av treningstider på Kaupanger så det er ikkje sikkjert kva som skjer ennå.

Me hadde i alt 5 treningar i mars. På desse treningane hadde me eit feiande flott gjennomsnitt på 18,2 mann pr trening, noko som er ein auke på over 3 mann. Til saman 27 mann har vore innom treningsfeltet vårt, der 5 av desse var på ein gjestevisitt.

Sidan kampen mot Erdal vart avlyst i helga, vart det berre ein treningskamp denne månaden. Den enda med 2-4 tap mot Jølster, men likevel var me godt nøgde med gjennomføringa av kampen mot eit av dei beste laga i 4.divisjon. I april skal me gjennom 4 treningskampar, og me føler verkeleg at me treng all den kamptreninga me kan få no.

Månadens spelar

Ein mann tronar åleine på topp denne månaden, og det er ingen ringare enn vår kjære målmann Gøran Fimreite. På dei 5 treningane noterte han seg for 5 oppmøte og 4 av desse var som vinnar. Dermed vann han med den nette sum av 9 poeng.

Kurt Heggestad og Ole Kristian Vikheim såg begge ut til å stikka av med denne prisen då dei låg med 100% uttelling etter dei 4 fyrste treningane, men sidan båe to meldt avbud til siste trening må dei finna seg i å dela andreplassen saman med Bjørn Molland.

8 mann var på alle treningane i mars, medan me hadde ei kjerne på 17 stk som var på 4 eller 5 treningar - det er b r a.

I premie denne gongen får vinnaren eit valfritt førarkort...

Veitastrond.com

Heimesida vår slo alle rekordar denne månaden, då me hadde heile 6364 treff. Dette er 1375 treff meir enn den forrige rekorden frå juli 2007. Me må berra seia at me er overvelda over denne responsen. På ein dag har me i snitt 205 treff på sida vår

Frå forrige månad er det ein auke på nesten 2000 treff. Samanliknar me med fjorårets mars hadde me då 2889 treff, og me er stolte over å sjå at interessen for sida har dobla seg og vel så det på eit års tid.

Kanskje er det Sherlock Heggestad som skal ha æra for den gode månaden, eller så er berre den generelle interessen for VIL-fotball rundt omkring i ferd med å eksplodera.... mest sannsynleg er det nok det siste ;)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com