Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Statistikk for mars

Det er april, påskeferie og livet smilar til nokon og ein kvar om dagen. Likevel vel me å ta eit lite tilbakeblikk på forrige månad, og gjer dykk her ein oppsummering frå mars.

Det er ein hektisk månad me no har lagt bak oss der mykje skjedde både på og utanfor bana.

Me hadde 4 treningskampar der me byrja med å tapa 0-4 mot Kaupanger ute på Skogen. Deretter enda det 2-2 i Sognahallen mot Vang før me sendte Jølster heim som slakt etter å slått dei 4-1. Siste treningskamp gjekk me frå å vera slaktaren til å sjølv verta slakt då Fjøra ikkje gav seg før det stod 1-7 i målprotokollen. Det skulle i tillegg ha vore spelt ein kamp til, men grunna mannefall midt i veka så avlyste me den planlagte turen til Balestrand.

Treningsmessig har det vore ein meget god månad der me har gjennomført 5 fotballtreningar og 3 joggeøkter. Med 8 treningar og 4 kampar har me altså i mars vore samla 12 gonger, og det må seiast å vera meget bra.

Me hadde eit snitt på 15,4 mann pr trening og 10 mann pr joggeøkt. Til saman har det vore i snitt 13,4 mann på alle øktene til saman. Dette er ein fin auke frå forrige månad, og me må seia oss godt nøgde.

I tillegg til kamp og treningar er det og verdt å nevna at fotballaget arrangerte ein bygdakveld i Samfunnssalen på Strondi i Mars. Denne var ein stor suksess med fullt hus, stormande jubel og gav klubben nødvendig kronasje i kassen.

Månadens spelar

Denne gongen er det to spelarar som deler prisen for månadens spelar, og dette er Gøran Fimreite og Bjørn Molland.

Gøran held dermed fram sin framifråe innsats på treningsfeltet, og han mottek denne prisen for andre året på rad. Bjørn mottek prisen for fyrste gong i år.

Dei to står med identisk resultat frå treningsfeltet, der begge har møtt opp på samtlege 5 treningar og vore på vinnarlaget 3 gonger. Dei har og vore på alle dei 3 joggeøktene, og tek dermed med seg 11 poeng frå mars.

I premie denne gongen gongen får dei to lov til å klatra oppå taket.

Me gratulerar!

Etter dei to kjem Øyvind Lien og Richard Nes med 10 poeng, medan Morten Hagen får smaka på bronsen med sine 9 poeng.

Veiastrond.com

I mars hadde me 5251 treff på heimesida vår. Dette er ein fin auke på ca 1500 frå forrige månad.

Likevel ligg me langt bak fjoråret då me i mars i fjor hadde 6364 treff. Mykje å gå på her altså...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com