Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for oktober

Nok ein månad er tilbakelagt og me ser som vanleg tilbake og oppsummerar med våre tal og statistikkar.

I oktober spelte me berre ein kamp, og dette var kretsfinalen mot Førde 3 på nøytral bane på Skei i Jølster. Som dei fleste sikkert har fått med seg så vann VIL denne kampen 5-3, og kan no gå rundt og kalla seg kretsmeistar i 2008.

På grunn av KM-finalen så oppretthaldt me treningssesongen heilt fram til medio oktober i år. Alle treningane denne månaden vart haldne under tak i Sognahallen, og til trass for at det var seint i sesongen var det imponerande treningsoppmøte.

Me hadde i alt 4 treningar i oktober der me hadde eit snitt på 15,75 pr trening. 21 spelarar var innom treningsfeltet vårt der 1 av desse var på gjesteopptreden.

Månadens spelar

Denne gongen går prisen for månadens spelar til midtstoggar Øivind Kristiansen.

På dei 4 treningane står han bokført med 100% både i oppmøte og vinnarstatistikk, og er dermed ein særdeles verdig vinnar med 8 poeng. Øivind har aldri vore månadens spelar tidlegare, og han har sjeldan vore i tetsjiktet heller. På mange måtar har det vore ein litt tung sesong for Øivind som vart utvist i fyrste seriekamp mot Breimsbygda og etter det mista plassen på fyrstelaget. Han fekk tilbake tilliten heime mot Jølster 2, men den gongen var han uheldig og braut nasen. Tidleg i haust var han heilt ute og var lite involvert i både kamp og trening. Mot slutten av sesongen tok Øivind seg skikkeleg i saman og han gjorde eine midtsoggar plassen på laget til sin eigen og skal utvilsamt ha sin del av æra for at klubben til slutt klarde opprykk. Han var og ein av dei ivrigaste på treningsfeltet mot slutten og han vart nummer 2 i september og gjekk altså til topps som månadens spelar no i oktober.

Me gratulerar Øivind som månadens spelar og i premie denne gongen får vinnaren ein spark.

På plassen bak Øivind kom Geir med 7 poeng. Han låg likt med vinnaren før siste trening, men tapte denne og må dermed ta til takke med sølvplass. I trøystepremie får Geir lov til å sparka Øivind rundt i Sogndalsfjøra på den nye sparken sin!

7 spelarar enda på 6 poeng.

Veitastrond.com

Som venta gjekk besøkstalet på heimesida vår litt ned i oktober. Frå 7605 treff i september hadde me forrige månad 5801 treff, altså ca 1800 mindre.

Det er likevel langt betre enn fjorårets oktober då me hadde 3952 treff.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com