Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for september

Den kanskje mest innhaldsrike månaden i VIL-fotball si historie er no overstått. På 4 kampar så vann me 1, spelte uavgjort 1, tapte 2 og hadde ein målskilnad på 20-22. Trass i desse ikkje alt for imponerande tala så kruna me altså det heile med å klara å vinna avdelinga og rykka opp i 4.divisjon.

Me byrja med å spela 4-4 heime mot Hafslo i det TV-sendte lokalderbyet, deretter rauk me på to stygge bortesmellar med 6-9 mot Gaular og 5-6 mot Jølster 2. Veitastrond hang ikkje i saman på denne tida så spaninga var stor framfor seriefinalen mot Bjørn i siste kamp. Heldigvis så klarde me å samla troppane, og me nedsabla som kjendt Bjørn med 5-3 og sikra oss dermed opprykket.

I september gjennomførte me til saman 5 treningar. Altså ein liten nedgang i antall frå den ivrige august månaden då me trende 7 gonger!

I snitt var det 13,6 mann pr trening. Til saman var 20 mann innom treningsfeltet vårt der 1 av desse var på gjesteopptreden.

Månadens Spelar

For 5. månad av 8 mogelege treningsmånadar går prisen for månadene spelar til Even Kvam - me gratulerar og let oss imponera av Even sin innsats på treningsfeltet denne sesongen.

Even står bokført med 9 poeng, der han har vore på samtlege 5 treningar samt vore på vinnarlaget 4 gonger.

Nærmaste utfordrar til Even var faktisk Øivind Kristiansen, som hadde 8 poeng. Ein god treningsmånad av Øivind, som frå før av hadde 12 plass som beste plassering i kampen om å bli månadens spelar. Etter desse to fulgte så 3 mann med 7 poeng.

I premie denne gongen så får Even lov til å fortelja minst ein røvarhistorie frå si Norane karrieire under avslutningsfesten seinare i haust - me gler oss!

Medan nokon utmerkar seg positivt på trening ser me og at enkelte ikkje alltid yter max på treningsfeltet. 3 av dei erke lokale spelarane har i september berre gått på halv maskin dersom me tek statistikken i betraktning. Bjørn Molland har vore på alle 5 treningane, men kunne vunne 1, Geir Aardal var på 4 treningar og tapte alle, medan Richard Nes stikk av som månadens dårlegaste med 0 sigrar på 5 moglege.

Veitastrond.com

Den spanande sesongavslutningen fekk og sitt å seia for antall treff på heimesida vår. Spesielt siste par dagane opplevde me ein trafikk me aldri har sett makan til.

Til saman hadde me i september 7605 treff på sidene våre. Dette er nesten ny rekord, men me lyt nok sjå oss slått av mai månad i år då me hadde 7641 treff. Altså ganske knepent, men me kan ta med at dersom det var 31 dagar i september hadde me nok satt suveren ny rekord. Tek me antall treff i snitt pr dag så var september den beste månaden i veitastrond.com si korte historie.

Me takkar brukarane på veitastrond.com for at de er trufaste med oss, og me vonar at de held fram med å vitja sida vår.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com