Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Statistikk for september

Me gjer dykk ei oppsummering av tal og statistikkar frå september månad...

Det vart spelt 4 kampar med varierande suksess. Me sit att med to heimesigrar mot Årdal 2 (6-4) og Dale (3-0), men måtte sjå oss rimeleg sjanselause i bortekampane mot Saga (1-5) og Sandane (1-7). Med desse resultata går me inn i oktober med 10.plass og over streken, men det er liten tvil om det vert ein ulideleg spanande månad me no er inne i.

Midt i mellom kampane har me og fått tid til 4 treningar. Me har hatt eit snitt på 12,75 mann pr trening, og til saman 20 unike fjes var innom treningsfeltet der 1 av desse ikkje står oppført som VIL-spelar (men det gjer du vel snart du min godeste Ørjan?)

Månadens spelar

Heile 5 spelarar må dela prisen som månadens spelar denne gongen.

Dei heldige vinnarane er; Erlend Sando, Åsmund Øgar, Emil Heggestad, Øivind Kritstiansen og Gaute Olstad. Me har ikkje plass til bilder av alle saman så valget fall på Gaute sidan han har lengst hår og størst ....

Før siste trening låg Erlend åleine i tet og det ville vore nok for han å berre møta opp for å ta i mot denne prisen som einaste vinnar. Diverre for han så møtte han ikkje opp, og han må no altså dela denne med 4 andre. Ikkje særleg overraskande er Åsmund ein av vinnarane, då han vinn for 5. gong på dei 6 månadane han har vore med. Dei 4 andre vinnarane har faktisk ikkje tatt prisen før i år og det er difor gledeleg å sjå nye fjes som imponerar på treningsfeltet.

I premie denne gongen får dei 5 spelarane lov til å vera med Johannes Nes å trakka bana etter søndagens kamp mot Skavøypoll.

Me gratulerar.

Veitastrond.com

Me har allereie nevnt det, og me tok altså ny rekord for våre heimesider kva antall treff angår i september. Det var til saman 8021 treff noko som er ca 600 meir enn forrige månad og nesten 400 meir enn vår tidlegare rekord som var juli 2008.

Det høge antaller skuldast nok at me er inne i ein spanande sesongavslutning, me drog nok med oss diskusjon rundt dei 3 poenga me mista mot Selje og sjølvsagt vart det ein del treff når me kom med blant topp 100 i NM i fotballweb.

Så til alle de som besøkte oss i september...kom tilbake i oktober!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com