Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for januar

 

 Første treningsmånad er over, og me nyttar høvet til å sjå litt tilbake på månaden som gjekk.

 

Først av alt vil me sparka i gang ei ny kåring her på Veitastrond.com - nemleg månadens spelar. Denne kåringa vil kun vera avehengig av oppmøte og resultat på treningane, altså treningsstatistikken vår.

For januar månad går månadens spelar til heile 4 personar som kvar har oppnådd ein samla poengsum på 10 poeng. Her vurderte me litt fram og tilbake om me skulle plukka ut ein spelar som skulle få prisen åleina, men me kom fram til at det ikkje vert nokon rettferdig måte å gjera det på. Vanskeleg å seia kva me skulle la vega tyngst av oppmøte, vinnarprosent eller at trenarane skulle få siste ordet når nokon stod likt. Så me har komme fram til at spelarane får tola å dela denne prisen med andre.

Månadens spelarar for januar er; Kent Fimreite, Bjørn Molland, Ole Krisrian Vikheim og Helge Skjælaaen.

Desse har alle gjort ein innsats i januar som er eit lite hakk over det dei andre har gjort. Her registrerar me at at 3 av dei 4 vinnarane er blant dei nye spelarane, så det er tydeleg at dei verkeleg vil imponera frå start av. Me gratulerar dei stolte karane som no kan smykka seg med tittelen som dei fyrste som vart kåra til månadens spelar i VIL-fotball si historie. I tillegg til all heider og æra ein slik pris vil føra med seg vil dei i premie og få lov til å framføra eit stykkje frå musicalen "Les Miserable" for dei andre spelarane før treningen på førstkommande torsdag. Grattis gutter!!!

Imponerande månad

No er det kanskje nokon som vil seia at det blir feil å trekka fram enkelt personar etter ein slik treningsmånad me har hatt i januar. For det har verkeleg vore eit framifrå oppmøte og kvalitet på øktene våre så langt. Assisterande trenar Richard Nes kan fortelja om ei imponerande glød blant spelarane og trenarane er svært godt nøgd både når det gjeld kvalitet og kvantitet på treningane. "Det er ei takknemleg oppgåve å vera trenar når ein har ei slik gruppe å leia. Om det held fram på same vis trur eg VIL-fotball går ein lysande sesong i møte", seier ein oppglødd assistent trenar til Veitastrond.com.

I januar har det det vore til saman 28 spelarar på dei 7 treningane. Her har me hatt ei fast stamme på 14 stk som har vore på 5 treningar eller meir. 5 spelarar står så langt med 100% oppmøte. Ein av dei som har imponert mest er kanskje Helge Skjælaaen som framleis står bokført med 100% uttelling som vinnar på dei 5 treningane han har vore med på.                                             I snitt har det vore 16,71 personar på treningane. Over 7 treningar er dette sannsynlegvis det høgaste snittet me har hatt i heile VIL-fotball si historie, og eit snitt som fjorårs trenar Leiv Inge Fimreite nok skulle ha ønskt han hadde hatt maken til.            

Alt i alt er det berra å seia at januar har vore ein meget positiv månad, og til VIL spelarane oppfordrar me å halda fram den glimrande treningsmentaliteten som har vorte vist så langt!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com