Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for april

 

Den siste månaden med kun pre-season er unnagjort. No byrjar trast alvoret for fullt, og me ser tilbake på korleis april månad gjekk føre seg.

 

Grunna påskeferie og ingen trening i går kveld (natt til 1.mai) vart det berre 5 treningar for VIL-fotball denne månaden. I snitt har det vore eit oppmøte på 16,6 pr trening, noko som er ein liten auke frå mars månad. Dette må seiast å vera meget bra med tanke på at ein del av studentane ikkje var tilgjengeleg rett før og rett etter påske. Alt i alt har det vore 28 personar på trening denne månaden, der 5 av desse ikkje står oppført i spelarstallen, og berra var på ei trening.

Månadens spelar

Også denne gongen må me dela prisen for månadens spelar på to. Denne gongen er det gutta frå X-Team Sogn; Bjørn Molland og Even Kvam, som var eit strå vassare enn dei andre. Begge desse hadde 100% oppmøte og vinnar på 60% av treningane, noko som gjer dei 5+3 = 8 poeng. Even leia heilt fram til siste trening, men vart då teken igjen av Bjørn som dermed stikk av med denne titellen for andre gong solangt i sesongen. I premie denne gongen får dei lov til å filma eit av stunta sine og gjera filmklippet tilgjengeleg for alle som vitjar Veitastrond.com!

I tillegg til dei to vinnarane var og Gøran, Emil og Richard tilstades på alle treningane medan 5 spelarar var på 4 av treningane, og dermed ei god stamme på 9 som var på 4 eller 5 treningar. Det skal også nemnast at trenar Emil hadde ein pangopning på månaden og sto med 4 poeng på dei 2 første treningane. Diverre for han vart han skada og måtte sjå dei 3 siste øktene frå sidelinja, og dermes kunne han sjå langt etter den gjeve titellen.

Nedgang i besøkstalet

På Veitastrond.com har me denne månaden hatt ein nedgang på litt over 300 treff frå forrige månad. I mars slo med som tidlegare nemt den tidlegare rekorden og kom inn med 2889 treff, denne månaden har me hatt 2567. Grunnen til dette er utvilsamt at me hadde lite besøkande under påskeferien, då folk nok hadde anna å nytta tida si på.

For mai reknar me med at me er på topp igjen, og me håpar å passara den magiske 3000 grensa. Med seriestart rett rundt hjørna reknar me med at folk vil komma innom i hopetal, og spesielt i samband med lokaoppgjeret mot Hafslo håper me at mange finn vegen inn hit og kanskje skriv eit innlegg i vårt diskusjonforum og. I tillegg vil me sjølvsagt halda fram å servera spanande konkurransar, også har me planar om eit stort intervju med VIL-trenar Emil Heggestad før serien sparkast i gang. Meir om dette intervjuet kjem ein av dei næraste dagane.

Ha ein forbløffande vakker mai månad!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com