Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for august

Første månad etter ferien er overstått, og haustsesongen er no godt i gang. VIL-fotball har spelt 3 kampar der me har vunne 13-0 mot Norane, 3-2 mot Balestrand medan me måtte dela poenga i toppoppgjeret mot Hafslo. Med desse resultata har me gjenerobra 2.plassen på tabellen, men framleis er me 4 poeng bak tabelleiar Hafslo.

I august har me hatt 4 treningar, eller dvs at me har berre trena 3 gonger. Første treningen etter ferien møtte det nemleg opp berre 5 mann, og dei som møtte trufast opp hadde seg i staden for ei treningsøkt 15 min med godt gamaldags vaseprat, før dei reiste heim med kvar sine 2 poeng på treningsstatistikken.

På treningane i august har me hatt eit gjennomsnitt på berre 9,5 mann pr trening. Den fyrste treninga med 5 oppmøtte må ta mykje av skulda for dette, men det skal og seiast at oppmøtet har vore generelt dårleg etter ferien. Har sjeldan vore så mange fleire enn 10-12 pr økt, medan me til samanlikning hadde ein tropp på ca 20 mann til kampen mot Hafslo. Til saman har det vore 21 mann innom treningane våre, og denne gongen har faktisk samtlege av spelarane i troppen registrert oppmøte med unntak av dei som er skada (= Pelle ;)

Månadens spelar

Denne gongen er det to stk som må dela tittelen månadens spelar. Desse to er Richard Nes og Gøran Fimreite.

På 4 treningar har dei to oppnådd 6 poeng, der Richard har 4 oppmøtte og to sigrar, medan Gøran har 3 oppmøtte og ditto med sigrar. I premie denne gongen får dei 15 min med bedageleg aktivitet på romaskinene i Storhallen.

Bak dei to fulgte Emil med 5 poeng og Bjørn, Øivind og Erlend med 4 poeng,

Berre Richard hadde 100% oppmøte i august.

Veitastrond.com 

I august månad hadde me 3808 treff på heimesidene våre. Dette er ein framgang på ca 800 frå feriemånaden juli. Likevel er det langt bak rekorden på 4989 i juni, men denne satsar me på å slå i september. Då skal me spela 5 kampar - ein mot kvart av laga i avdelinga, og me reknar med at brukarane nyttar haustmørket til å surfa på stranda-veven.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com