Statistikk for februar
Februar månad er over, og me tek ein liten oppsummering på månaden som har gått.
_hil_vil/torolav.jpg)
Først av alt er nok dei fleste nysgjerrige på å finna ut kven som har gjort seg fortjent til å bli månadens spelar. I februar er det ein spelar som har leia stort sett heile vegen, men på siste trening i månaden vart han teken att slik at me får to vinnarar denne gongen. My ladies and gangsters - the winner is; Tor Olav Berge og Jon Arne Fimreite. Denne gongen får dei to vinnarane ein romantisk date på Dr.Hagen som dei får dela seg i mellom. VIL-fotball gratulerar dei to, og takkar for framifrå innsats i februar månad!
På dei 8 treningane me har hatt i februar har desse to oppnådd 13 poeng. Begge to har hatt 100% oppmøte og vore på det vinnande laget 5 gonger. Bak desse to kjem Per Helge Hågvar og vårt nye stjerneskot Øivind Kristiansen som begge fekk 11 poeng. Gjer merksam på at det er meget imponerande av dei to vinnarane at dei vinn med 2 poeng når me kun har hatt 8 treningar. Det var Tor Olav som festa grepet relativt kjapt, og det såg lenge ut til at han ville dra heim seieren ålaina, men det var heilt til Jon Arne satte inn eit ekstra gear på slutten og avlsutta altså likt med Torisen.
Oversikt over månadens spelarar finn du under under Sesongen 2007 i menyen ovanfor.
God oppslutnad
Som i januar har også februar vore ein glimrande treningsmånad for VIL-fotball. På dei 8 treningane våre har det utruleg nok vore 34 forskjellige spelarar innom. I gjennomsnitt har me hatt 17,75 spelarar pr trening, noko som er ei auke på 1,04 fra januar. Då skal det riktignok takast med at 10 av desse er spelarar som kun har vore på visitt og står med ein trening kvar. Det var i ferd med å skli litt ut ei stund og trenarduoen såg seg nøydde til å seia i frå at kun dei som faktisk skulle spela for VIL-fotball 2007 fekk vera med å trena. På ei måndagstrening hadde me 22 mann som skulle dela ein 6-del i hallen og då blir det fort lite effektiv trening. Dette problemet er no ute av verda, og dei som møter opp er stort sett spelarar me reknar med vil bli med oss heile sesongen.
4 spelarar står bokført med 100% oppmøte i februar. I tillegg til dei to vinnarane er det Even Kvam og Kent Fimreite som har vore på alle treningane. Sist nevnte er og no den einaste som forsatt har vore på alle treningane sidan me byrja i starten av januar. Me har hatt ein stamme på 14 stk som har vore på 6 treningar eller meir, og det heile ser forsatt svært lovande ut for VIL-fotball framfor årets sesong.
Stor auke for heimesida
Også heimesida vår har fått eit skikkeleg løft i februar. I januar hadde me som tidlegare nevnt 1425 treff, medan me denne månaden har hatt heile 1962 treff. Med tanke på at februar kun har 28 dagar ville me nok ha nærma oss rekorden frå clix.to/vilil på 2134 om me hadde hatt ein "vanleg" månad. Om me skulde halda fram den fine stigningen er det grunn til å tru at me slår rekorden allereie i mars månad. Me oppfordrar difor alle våre trufaste brukarar om å halda fram å besøka oss. Kan lova at me den kommande månaden kjem til å lansera konkurransen vår, me skal få spelarprofilane på plass med bilder og det heile og ikkje minst byrjar treningskampane som sjølvsagt inneber fyldige kampreferat.
Me håpar du forsatt vil vera med oss på laget fram mot super-jubel-sesongen 2007!
|