Statistikk for mars
Litt på etterskot, men her kjem ein liten oversikt over ting og tang frå mars månad.
Denne månaden har me hatt 9 treningar. Oppmøte må seiast å ha vore meget bra med eit snitt på 16,33 pr trening, som er ein liten tilbakegang på 1,42 frå forrige månad. Til saman har det vore 30 ulike sjeler innom treningsfeltet vårt der 6 av desse er spelarar som ikkje er i stallen for sesongen 2007.
Månadens spelar_nordreLandjr_vil/NordreLandjrVeitastrond/helge.jpg)
Denne gongen er det sjefen sjølv Emil Heggestad som saman med Helge Skjælaaen stikk av med prisen som månadens spelar. Dei to har vore i tetsjiktet heile vegen og gjekk til slutt inn på same poengsum etter at Emil trona åleine på toppen heilt fram til den siste treninga. Helge blir dermed den første spelaraen som får denne prisen for andre gong. I premie denne gongen får dei to ein skitur til tungestølen, men me gjer merksam på at premien gjeld berre for våren 2007 og dei må soleis skunda seg så ikkje snøen smeltar bort.
Dei to oppnådde 14 poeng der Emil hadde 100% oppmøte og tok heim 5 sigrar, medan Helge var på 8 av 9 treningar og hadde 6 sigrar. Bak dei to vinnarane finn me Jon Arne Fimreite på 3.plass med 13 poeng, Per Helge Hågvar på 4. med 12 poeng og Even Kvam kom slentrande inn på ein 5.plass med 11 poeng.
Utanom Emil var det berre Jon Arne som var på samtlege treningar, i ein månad der ivrige trenarar som Bjørn, Richard og Jonny hadde ein del fråfall grunna jobb, sjukdom og skadar. Totalt sett er det no Gøran, Richard og Bjørn som har vore på flest treningar med 22 av 25 moglege, medan Helge Skjæølaaen framleis tronar øverst på treningsstatistikken - noko han stort sett har gjort sidan me starta. I mars hadde me ein stamme på 16 spelarar som var på 6 eller fleire treningar, noko som er meget oppløftande med tanke på den kommande sesongen.
Suksess for Veitastrond.com
Mars månad var ein kanon månad for heimesida vår. Me hadde tilsaman 2889 treff, noko som er ny all-time rekord for VIL-fotball sine heimesider. Den forrige rekorden var frå clix.to/vilil dagane på 2134, med andre ord så slo me den rimeleg langt ned i støvlane. Det neste målet må no vera at me klarar å runda 3000, men det ser ikkje ut som det bli denne månaden då påskeferien har gjort at snittet har sunke noko.
Me takkar alle besøkande for at de tek turen innom og vonar de held fram med dette!
|