Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for september

Årets sesong er over, og me tek ein liten gjennomgang av den siste treningsmånaden for året. I september spelde me i alt 5 kampar med noko varierande resultat. Me vann overbevisande 4-0 mot SIL3, 4-3 mot A/L2 og 11-2 mot Norande, medan me gjekk på to smellar med 1-9 for Hafslo og 4-7 i sesongens siste opptreden mot Balestrand. Med dette enda me som kjent på 2.plass og er no klar for 5.divisjon.

I september var det berre 2 treningar. Etter planen skulle me hatt eit par økter til, men mot slutten av sesongen var me såpass leie at me fann ut at det var like fornuftig å spara dei pengane til neste sesong.

På dei to treningane hadde me eit gjennomsnitt på 14 mann pr trening. Det var til saman 18 unike sjeler innom treningsfeltet vårt.

Månadens spelar

På berre 2 treningar vart det naturlegvis utruleg jamt i denne jeve kåringa. Ingen spelar oppnådde 4 poeng og full pott, men heile 8 spelarar enda på 3 poeng. Sidan det ikkje er mykje prestisje i å dela ein pris med 7 andre har ein fagjury satt seg ned for å kåra ein vinnar blant dei 8.

Valet deira fall på Bjørn Molland. Grunngjevinga er at han viste ei utruleg innstilling på dei siste treningane, og rista av seg Even Kvam og Gøran Fimreite om samanlagt sigeren i treningsstatistikken. På grunnlag av dette, og at han heile sesongen har vore blant dei beste tykkjer me det er fair å hedra han som månadens spelar for september.

I premie får Bjørn lov til å stå ansvarleg for undehaldninga på avslutningsfesten neste helg. Me gratulerar!

Dei 7 andre som oppnådde samme poengsum som Bjørn var Richard Nes, Ivar Melby, Petter Fagerli, Even Kvam, Jan Erik Bøyum, Øyvind Lien og Vidar Vadseth. Alle de må gjerne føla dykk som moralske vinnarar, men det tek me ikkje omsyn til.

Med denne kåringa er Bjørn den einaste som har blitt kåra til månadens spelar 3 gonger denne sesongen. Han har fått utmerkinga for både januar, april og september. Helge Skjælaaen og Even Kvam var nærast Bjørn med 2 utmerkinga kvar. Øyvind Lien var den einaste som makta å vinna kåringa åleina (om me ser bort frå Bjørn i september)

Oversikt over månadens spelarar sesongen igjennom finn du HER

Veitastrond.com

I september hadde me 4612 treff på heimesidene våre. Dette er ein framgang på heile 800 ifrå august, men likevel nesten 400 treff bak rekorden ifrå juni. Hadde håpa på at to lokaloppgjer mot Hafslo i tillegg til ein spanande sesongavslutning skulle satt ein stoppar for juni-rekorden, men me vart altså eit godt stykkje bak.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com