Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Status på Leikvoll Stadion pr. 1.mai

Mange av våre fans lurer nok på korleis det går med vår kjære Leikvoll Stadion etter utbygginga i haust. Me i Veitastrond.com hadde ein kort synfaring der i helga og me kan allereie no seia at me gler oss stort til å snøra på oss fotballskoa her. Samstundes er me og spente på å sjå kortid bana er klar til spel, for slik den ser ut på det noverande tidspunkt så høver den seg på somme stadar bedre som potetåker enn fotballbane. Me er likevel sikre på at Leikvoll kjem til å framstå betre enn nokon gong berre vår kjære banemann Johannes Nes får stella og styra med ho utover våren.

Leikvoll vart molda rundt påsketider, og takka vera at det har vore ein vinter med lite snø så er bana så godt som "taoi" og somme stadar er den faktisk byrja å grønast. Truleg er dette den grønaste flekken på heile Strondi no.

Johannes har allereie fått køyrt på med årets fyrste ladning med gjødsel på dei områda som vart sådd oppatt i fjor, og me håpar at det her vil byrja å spira å gro i den aller nærmaste framtid.

Etter at bana var teken oppatt i fjor så var me ikkje særleg heldig med været då mykje regn gjorde til at det vart ein del vatn liggande oppå som seinare fraus på. Forhåpentlegvis har ikkje dette skada bana vår noko nevneverdigt.

Johannes har kontroll

I samtale med vår banemann i helga så uttrykte han stor tru på at Leikvoll ville bli klar berre ho fekk tid på seg.

I utgangspunktet har me sett av datoen 14.juni når Sandane kjem på besøk som fyrste kamp på Nye Leikvoll Stadion. Det er nok litt vanskeleg å seia akkurat, men noko tidlegare har me ikkje særleg tru på.

Dersom bana skulle visa seg å ikkje gro skikkeleg kjem me nok til å venta med å ta ho i bruk til haustsesongen. Skulle ho få ligga i fred heile juni og juli òg så vil det utvilsamt gjera ho godt.

Me let no Johannes og Leikvoll få tuska i fred, og kjem attende med ny statusrapport når det er noko nytt å melda.

 

Sjå fleire bilder frå Leikvoll pr. 1.mai HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com