Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Straffespark

Det er ein sesong med mykje dramatikk me no snart legg bak oss i VIL-fotball. Det har vore mange jamne og spanande kampar med til tider mange mål, og som vanleg har det vorte delt ut ein del kort. I tillegg til alt dette har det i år og vore uvanleg mange straffespark i kampane til VIL. På våre 14 seriekampar har det komme i alt 18 straffespark, noko som gjer eit snitt på 1,3 straffar pr kamp. Me har sett tilbake på alle straffane som har vore i år, og gjer deg all den infoen du treng å veta om desse.

Einaste kampen me har spelt i år som det ikkje har vore noko straffespark i er heimekampen mot Gaular i vårsesongen. Bortsett frå denne kampen har det vorte dømt straffe i alle dei 13 andre kampane.

12 av straffesparka har komme i mot Veitastrond, medan berre 6 har vorte dømt i vår favør.

Av dei 12 straffane i mot har 8 blitt omsett til mål. Vår keeper Gøran Fimreite redda straffe borte mot Kaupanger 2, borte mot Hafslo og borte mot Jølster 2. Jølstringane bomma og på straffe på Leikvoll, men den gongen blas dei den langt over mål.

I ettertid lyt me nok seia at det mest avgjerande straffesparket var i bortekampen mot Hafslo. Dersom Michale Labarca hadde satt denne straffen og resultatet i den kampen hadde vorte 1-1 (i staden for 1-0 siger til VIL) hadde ikkje Veitastrond rykka opp, og Hafslo hadde ikkje rykka ned. No er ikkje fotball matematikk, og på 1-1 kunne sikkert mykje anna å skjedd i denne kampen men ein liten tankevekkar er det kanskje likevel for somme...

I følge veitastrond.com sine relativt objektive kampreferat så var 5 av dei 12 straffane i mot feil dømt, medan 2 stk var høgst tvilsame. Altså kan me runda av til 6, og seia at halvparten av straffesparka som er dømde i mot er feil. Så hadde me altså dommarane i mot oss i år igjen.

Sikker på straffe for

Veitastrond scora på samtlege av sine 6 straffar, og det var Richard Nes som satte alle desse i buret.

Ingen av straffane me scora på vart noko avgjerande scoring. Nærmast var då Richard satte inn 4-3 heime mot Hafslo rett før slutt, men her klarde som kjent Hafslo å utlikna mot slutten.

Alle straffane me fekk var sjølvsagt heilt korrekte, og me skulle heilt sikkert hatt eit par til i løpet av sesongen!

Strafferike kampar

Det var altså berre heime mot Gaular det ikkje vart dømt straffe i det heile. I tillegg til denne kampen fekk me heller ikkje straffe i mot borte mot Vadheim/Høyang 2, heime mot Hafslo og borte mot Gaular.

Siste kampen mot Bjørn vart den kampen med flest straffespark. Her dømde Torstein Kvam 3 straffar - 2 til Bjørn og sjølvsagt berre 1 til Veitastrond.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com