Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

Styremøte

Det vart i går kveld (måndag) halde sesongens første styremøte i VIL-fotball. Soleis er forberedingane til sesongen 2007 kommen godt i gang.  Det var eit fulltallig styre som møtte opp i stova til Frank, dvs Emil, Frank, Bjørn og Richard, og i tillegg var Kari Ann, Even og Ida tilstades - sistnevnte hadde riktignok gått inn i draumeland før styret annkom Hestnes. Det må seiast at det under heile møtet var ein positiv dialog mellom styremedlemane og det vart servert kaffi og kaker til terningkast 6. Møtet byrja ca 20:30 og varde fram til ca 22:00 og vart etterfulgt av ca 1 time med vaseprat.

Saker som vart teke opp;

  •  Hildegunn held fram i si stilling som oppdama, og har sagt seg villig til å ta på seg fleire oppgåver før og under kampane
  • ex VIL spelar Rune Molland vil og neste år ha ansvar for merking av bana og diverse andre oppgåver
  • det blir samme treningstider som i fjor vinter, dvs måndag kl 18:00 og torsdag kl 19:30. Det blir mest truleg lagt opp til at måndagen blir litt meir frivillig medan ein helst bør møte opp på torsdagane når me har halve hallen
  • treningane startar opp alt førstkommande torsdag (23 nov), og det blir eit spelarmøte innan rimeleg kort tid
  • Bjørn blir materialforvaltar
  • Richard er ansvarleg for treningane fram til jul. Han er og som kjent ny vev-ansvarleg
  • det blir sannsynlegvis ein basar i romjula så ein får samla inn litt grunkar til sesongen. Emil, Bjørn og Richard fiksar den
  • Hildegunn ordnar med sponsorar
  • Frank har ansvaret for treningskampane
  • Emil og Richard vurderer muligheten for å arrangera eit julebord
  • Rakel, John og Ingrid held fram i "kioskgjengen"
  • og Johannes vil sjølvsagt og neste år kløppa graset på Leikvoll

I tillegg vart det snakka ein del om spelarar og trenarar for neste sesong. Etter det me veit ser det ut som dei fleste spelarane som var med i fjor blir med neste år pluss at nokre nye alt er klare. Me kjem tilbake med meir når styret har teke ein liten ringerunde. Det er heller ikkje bestemt noko sikkert om kven som blir neste års trenar, det synes klart at Leiv Inge ikkje blir med meir, men kven som tek over ansvaret er ennå uklart.

Ellers var styret einige om at neste sesong blir ein bra ein.

Sjå fleire bilder frå møtet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com