Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Referat frå styremøte 05/11-09

For fyrste gong sidan sesongen slutta var det i går aktivitet i Veitastrond Fotball då styret samlast på Hestnes heime hjå Frank Heggestad. På agendaen til styremøtet stod blant anna evaluering av årets sesong samt at me byrja å legga dei fyrste slagplanane for 2010. I tillegg var me sjølvsagt innom avslutningsfesten vår og ikkje minst spelarstallen. Viktigaste av alt var likevel serveringa som verten kunne by på og me i Veitastrond.com gjer dykk sjølvsagt ein vurdering av denne, samt eit lite referat frå dei sakene me var innom. Som den opne fotballklubben me er så har me ikkje så fela mange hemmelegheiter og løyndomar som me ikkje kan dela med omverda.

Til stades på Hestnes; Frank Heggestad, Emil Heggestad, Hildegunn Heggestad, Bjørn, Molland, Richard Nes, Kari Ann Svedal Heggestad og Gaute Heggestad. I tillegg låg Even- og Ida Heggestad og sov i 2.etg. Spesielt moro var det at Gaute fekk vera med på sitt fyrste styremøte etter at han var født...

Her er eit knippe av dei sakene som var oppe til gjennomgang/drøfting;

Sesongen som var; Me lyt konstantera at me ikkje oppnådde målsettinga om å bli blant dei 6 beste laga i årets 4.divisjon. Likevel er me godt nøgde med årets sesong dersom me ser på korleis året utvikla seg. Ein dårleg vårsesong som var prega av mange skadar, vingling med formasjonar og kanskje litt stang ut vart etterfulgt av ein glimrande haustsesong der me vann 6 av 11 kampar. Med tanke på at me låg under streken ca 70% av sesongen og i tillegg fekk nokre solide nedturar med blant anna 3 minus poeng så var ein god prestasjon å unngå nedrykk. For å unngå nedrykksstiden til neste år så er målet å vinna fleire kampar enn det me gjorde i år.

Avslutningsfesten; Som nevnt tidlegare vert årets spelarfest halden på Lægreid Hotel den 21.november. Me får servert ein juletalerken ca kl 19:30, og inngang og mat er gratis for alle festdeltakarane. Konferansier for kvelden vert som vanleg Frank Heggestad, og han har allereie varsla at han skal komma med mange gøyale kommentarar utover kvelden. Det vil bli diverse talar og sjølvsagt utdeling av prisar der årets spelar er den gjevaste.

Viktig at alle spelarane gjer beskjed om dei kjem eller ikkje, og sei ifrå dersom de skal ha med følgje. Det vil komma meir info om festen via SMS etterkvart

Spelarstall; Etter ein kjapp ringerunde der me har fått kontakt med dei fleste spelarane så ser det ut som at nesten alle vert med vidare frå i fjor. Av dei 24 som står i dagens stall reknar me med at berre 1-3 forsvinn. I tillegg håpar me å få inn 2-4 nye spelarar og her har me konkrete navn på blokka som me skal jobba med å få signert om ikkje lenge.

Dette kjem me sjølvsagt tilbake med etterkvart som brikkene fell på plass

Stab; I den mafiastyrte fotballklubben vår er det sjølvsagt uaktuelt med utskiftingar på trenarsida eller i styret. Likevel har me fått førespurnad frå intressante folk som kan vera med å bidra utanfor bana og dette kjem me truleg til å nytta oss av.

Dette vil me òg komma attende med meir om dersom noko skulle skje.

Økonomi; Me ser på alternative måtar å tjena inn pengar på neste sesong og me undersøker muligheten for å starta opp med sponsorkontraktar. Dette vil vera ein modell alà det Fjøra FK har, men me lyt sjå om det er eit marked for at me kan få solgt tilstrekkeleg med desse.

Nytt draktsett står på ønskelista til neste sesong og me ser på ulike alternativ til dette.

Nytt styremøte før jul?; Me satsar på å få eit nytt styremøte allereie før jul. Her lyt me gå meir konkret inn på neste sesong både sportsleg og det som skjer utanfor bana.

Servering; Så var det kveldens viktigaste post og som vanleg var forventningane til oppvartinga skyhøge blant dei oppmøtte.

Me fekk servert kaffi, saft, vaniljeis og rykande fersk eplepai.

Vår vurdering;

+ Is og varm eplepai er godt, eller som han Øystein Heggestad ville ha sagt det; Det er ikkje godt, det er jekla godt! Dersom me skulle ha ete oss i hjel på noko så ville nok dette vore eit godt alternativ. Kaffien var av vanleg god kvalitet og safta var leskande frisk.

- Midt opp i gleda av isen og paien så serverte Frank berre halve koppar med kaffi, kvifor det? Er det fordi dei er "igraol" oppe på Hestnes? Serveringa var sjølvsagt alle tiders, men det var heilt klart som ein dessert å rekna. Enkelte av dei oppmøtte hadde kanskje forventa seg full middag og når ein då møter opp svolten vert ein skuffa når ein ikkje får dette.

Dommen; Utsøkt kvalitet på paien, og Frank skal nok takka Kari Ann for at ho ikkje berre laga dette men til og med òg serverte det. Husbonden var raskt ute med å planta røvi i godstolen og der vart han sittande resten av kvelden - ja bortsett frå når han skjenka opp i halvfulle kaffikoppar då. Me gjer all honnør til husmora på Hestnes og det er ingen som helst tvil om at det er ho som styrer skuta sikkert til land her. Me stiller spørsmålstegn til involveringa til gubben i heimen og det er dette som gjer at me held attende toppkarakteren denne gongen...

Terningkast; 5!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com