|
Styremøte før sesongen 2008
I går kveld vart det som tidlegare kjendt halde møte for styre til VIL-fotball heime hjå Bjørn Molland. Agendaen for kvelden var sesongen 2008, og me ser allereie no at dei fleste brikkene ser ut til å ha vera på plass. Dei fleste som var med på bana eller i styr og stell vert venteleg med vidare, og då er det uvandt å organisera ein fotballklubb.
Nokre saker som var oppe i går;
-
Treningane; i byrjinga trenar me frå 21:00 til 22:30 på tysdagskveldane i Storhallen - me startar på fyrstkommande tysdag 08/01-08. Etterkvart håpar me på å få plass på kunstgraset til Kaupanger, og då auka til 2 treningar i veka - dette skjer truleg i slutten av februar.
-
Treningsavgift; vert i år som i fjor kr 900,- på vårsesongen + kr 100,- i medlemskontigent og kr 600,- på hausten. Altså til saman kr 1.600,- for å spela på VIL i 2008 (-da va bille!). Giro vert delt ut så fort som mogleg, forhåpentlegvis på fyrste trening.
-
Terminliste; tek kontakt med kretsen i fyrste omgang på korleis me skal gå fram for å byta kampae. I utgangspunktet er alle kampane våre på søndagar, men me har eit sterkt ønskje om å byta ein del av desse til midtvekene.
-
Spelarmøte; Satsar på eit spelarmøte på Lægreid Hotell på torsdag kl 20:00. Her vil blant anna dei 3 sakene ovanfor stå sentralt.
-
Økonomi; nytt for året er at fotballgruppa får eigen konto, og me vil soleis stå litt meir ansvarleg enn me har gjort tidlegare. Styreformann Emil Heggestad antyda at me bør satsa på å innkassera kr 120.000,- for å få hjula til å gå rundt. Desse inntektene skal komma frå treninsavgift, sponsorar, dugnadsjobb og ulike arrangement.
-
Sponsorar; me vonar alle vore støttespelarar vil halde fram med si støtte. I tillegg er me alltid på jakt etter nye sponsorar. I år lovar me at sponsorane skal bli pent plassert både på Leikvoll Stadion i form av ein banner, og her på Veitastrond.com.
-
Spelarstall; so langt har 3 mann komme til i Frank Heggetad, Kurt Heggestad og Gaute Olstad, medan berre Erlend Siem har forlete oss etter sesongslutt. Stallen tel no 22 mann. Me har pr i dag 6 studentar, og føler at dette er så mange som stallen kan tola. Kan verta noko sårbare når dei eventuelt tek tidleg sommarferie, og me satsar på å henta inn eit par spelarar til. Reknar med det kjem nokon inn etterkvar, men me har og ein 2-3 konkrete navn på blokka som vil bli kontakta med førespurnad om å bli med.
-
Støtteapparat; me er godt vande og tek det som ein sjølfølge at alle våre gode hjelparar er med oss neste sesong og - de er alle gull verdt for oss!
-
Trenarar; suksessduoen frå i fjor Emil Heggestad og Richard Nes fekk full tillit frå styret, og held fram neste sesong.
Alt i alt eit styremøte utan dei heilt grensesprengande sakene. Det meste ser som sagt ut til å vera på plass, og skulle det dukka opp noko ekstra så trur me sanneleg at me tek det som det kjem.
Dette vert ein kjekk sesong!
Serveringen_styrmote/dagensservering.jpg)
Til slutt tek me ein liten vurdering av servering som kvelden vert Bjørn Mollad ga oss;
Me fekk; kaffi, kjeks, brownies og sjokolade (som Hildegunn hadde med)
+ hurtig servering, kaffien og kakene var på bordet før me hadde satt oss. Fekk drikka så mykje kaffi me ville, og Bjørn var snøgg med å setta på ny allereie før det var tomt. 3 ulike sortar er og bra (sjølv om sjokoladen som Hildegunn kom med ikkje kan teljast med for det verten hadde å by på) Kule koppar!
- kakene var gode, men me legg merke til at alt er kjøp og ingenting er heimelaga. Ingenting av det me fekk kan kallast grensesprengane - her var det kun standard servering
Karkater: M/G
Sjå fleire bilder ifrå møtet HER
|