|
Styremøte 18.05.09

Styret i Veitastrond Fotball samlast i går kveld til møte heime hjå Richard Nes. Øverst på agendaen sto sponsorar 2009 etterfulgt av diverse småsaker.
Oppmøtte; Richard, Emil, Frank, Bjørn, Hildegunn, Anett og Lotte.
Me har no fått ei endeleg oversikt over kven som vert våre sponsorar denne sesongen. Me har ca 15 sponsorar som til saman gjer oss omlag kr 40 000,- i sponsorinntekter. Dette er kanskje noko mindre enn det me budsjetterte med tidleg i vinter, men me er sjølvsagt glade for det me har fått inn.
Oppdatert liste på framsida over sponsorar kjem om ikkje lenge.
Me har fått til ein meget bra avtlae med PGP på supportarklede som inneheld t-skjurter, langerma skjurter og skjerf. Desse går snart i trykken og er forhåpentlegvis klare til fyrste kamp heime på Leikvoll som truleg vert 14.juni.
Me skal prøva å laga meir opplegg rundt heimekampane våre i år. Dette inneber speakartjeneste, musikk, kamplotteri etc.
Det gjenstår ennå å sjå om me klarar å få tak i nødvendig utstyr og ressursar til å gjennomføra dette.
- Sesongekort og scoringsklubb
Sesongkorta vil snart bli lagt ut for salg. Desse gjeld berre for kampane på Leikvoll, og me håpar å få 9 kampar her. Me tilbyr då sesongkort for kr 300,- noko som gjer deg ein pris på kr 33,33 pr kamp. Utan sesongkort lyt du i år betala kr 50,- for inngang til kampane.
Liste for scoringsklubben er allereie lagt ut og me oppfordrar alle våre fans om å vera med på denne. Dersom du ikkje har tenkt deg på matkroken i nærmaste framtid så send oss ein mail på admin@veitastrond.com
I samråd med banemann og Idrettslaget kjem me muligens til å arrangera ein dugnad på Leikvoll i løpet av våren dersom dette er naudsynt.
Dette var stort sett dei sakene me gjekk gjennom i går og som me hugsar slek i farta.
Kveldens servering;
Denne gongen baud verten på grillmat i form av pølser servert med lomper, brød, potetsalat og salat.
Til kaffien fekk dei sukkermåle og eit sukkertøy å tygga på.
Har ikkje fått nokon objektive til å bedømma så me tek dette sjølv. Serveringa var etter vår meining strålande og så god som ein kan forventa når ein er på styremøte. Likevel kunne det alltigens ha vore bedre om ein hadde grilla litt meir variert kjøp i tillegg til pølser.
Terningkast; ein 5`ar som hadlar mot 6.
|