|
Styremøte 19.01.09

Styet i Veitastrond Fotball samlast i går heime hjå Emil Heggestad i Sogndalfjøra for å diskutera å planlegga sesongen 2009. Øverst på dagsordren stod sponsorar og økonomi og i tillegg var nye spelarar og treningstider blant dei heitaste sakene. Kveldens vert imponerte stort med sin servering, medan eit av dei andre styremedlemmane glimra med sitt fråvær.
Noko av det styret gjekk igjennom i går;
* Sponsorar og økonomi; Me satsar på å oppretta ein eigen konto for fotballgruppa og dermed skilja oss ut frå resten av idrettslaget. Dette for å få bedre oversikt sjølv over det økonomiske, men og for å avlasta kasserar og leiar i idrettslaget som til no har hatt den tyngste børa med å få endane til å møtast.
Fotballgruppa har ein omfattande jobb med å skaffa sponsormidlar til neste sesong. Grunna fleire og lengre reiser så vil utgiftene auka betrakteleg frå forrige sesong, og me vonar at sponsorane våre vil vera med å bidra på dette. Me satsar på å tilby ulike sponsorpakkar, og me må sjølve bli flinkare til å følga opp våre støttespelarar!
* Treningsavgift; Når me no får eigen konto og meir kontroll over inntektene så kjem me til å følga opp treningsavgiftene mykje meir. Her har spelarane slurva ein del, og det er mykje som diverre ikkje har komme inn på konto. Dette skal det bli slutt på skal me tru styret i klubben.
* Nye spelarar; Me satsar på å henta inn 2-3 nye spelarar. Eit par har allereie takka nei til å spela for VIL i 2009, men me vonar no at Kenneth Moe og Erlend Sandvo som begge har trena med VIL i haust/vinter vil signera for klubben. Dette er to spelarar som vil forsterka den defansive delen av laget. Me kjem tilbake med meir info om dei to når me veit meir om dei blir VIL-spelarar eller ikkje.
I tillegg til dei to held me og døra open for ein spelar til dersom det skulle dukka opp noko interessant.
* Sesongkort; Sidan me no tilbyr 4.divisjonsspel på Leikvoll så kjem me til å auka billettprisen frå kr 40,- til kr 50,-. Med 11 heimekampar så må den trufaste heimesupportar dermed legga av kr 550,- til den kommande sesongen, eller ein kan vera smart og sikra seg eit sesongkort til kr 400,- Me legg opp til at barn under 12 år går graits, og me kjem ikkje til å tilby noko familiepakke. Altså vert det kr 400,- pr snute for dei som er 13 år eller eldre.
* Treningskampar; Pr no har me avtalt å spela mot Sogndal 2 14.februar i Sognahallen. I tillegg har me avtala med Syril og Kaupanger om kampar, men her er ikkje datoen spikra. I tillegg vonar me å få på plass 3-4 kampar til før sesongen byrjar.
* Treningar; Me held fram med å berre trena ein gong i veka fram til ca 1.mars. Etter det lyt me få på plass ei økt til i veka anten i form av ei fotballøkt til, eller muligens å legga inn faste dagar for felles jogging.
* Bygdakveld; Me har framleis planar om å arrangera ein bygdakveld på Strondi i regi av VIL-fotball. Her satsar me på å laga til eit program med sketsjar, bildeframsyning av sesongen 2009 og litt dikt og slikt, og sjølvsagt vert det servering av mat. Me har sikta oss inn på fredag 6.februar, og me oppfordrar spelarar og publikum om å komma med innspel dersom de kan bidra med noko.
Dårleg oppmøte, men fyrsteklasses servering
Styremedlem Frank Heggestad valgte å ikkje møta opp på gårsdagens styremøte. Frank ringde å ga beskjed om at han ikkje kom ca 10 min før møtet byrja, men oppga ikkje noko grunn til kvifor han ikkje kunne komma. Det spekulerast no om det er ein konflinkt i styret mellom Frank og dei andre medlemmane. Ingen i styret ville kommentera dette på førespurnad frå Veitastrond.com i dag...
Gårsdagens vert Emil Heggestad la lista høgt når det kom til serveringa i går. I sin residens i Fjøra kunne han tilby både påsmurte baguettar, kjeks, lakrisbåtar, sjokolade, appelsin, kaffi og vatn. Utvilsamt så setta han med dette ein ny standard på korleis serveringa skal vera under styremøta våre. Einaste me kan trekka han for er at han ikkje ga beskjed om at han serverte full kveldsmat, slik at dei andre styremedlemmane kunne passa på å komma holsvoltne til møtet.
Likevel er me ikkje i tvil om at Emil får terningkast 6 for si servering.
|