Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Styremøte i går 23.02.09

Styret i Veitastrond Fotball var i går kveld samla for ein gjennomgang av aktuelle saker. Kveldens vert var Richard Nes medan dei to sakene som stog øverst på agendaen var som det brukar å vera, nemleg økonomi og spelarsituasjonen.

Som vanleg var det god stemning når styret i går kveld samlast i lag - eit styremøte som i går gjekk utan oppdame Hildegunne Heggestad. Midt i mellom gamle historiar som alle hadde høyrt ifrå før av fekk dei og satt av tid til å gå gjennom følgande saker;

Sponsorar - jobben med å samla inn sponsorkroner er i full gang, og får mykje av fokuset vårt framover. Sidan Hildegunn Heggestad ikkje var på møte sjølv var det ein grei sak for resten av styret å bestemma at dette var ein passeleg jobb for ho.

Treningsavgift - me har no fått inn det meste av treningsavgifta for 2008, og me kjem snarleg til å krevja avgift for 2009.

Bygdakveld - etter fleire forsøk har me endå ikkje lukkast med å finna ein dato som passar for den mykje omtala bygdakvelden. Me prøver igjen, og denne gonge inviterar me til hyggeleg kveld med program og revy fredag 13.mars. Meir info kjem sikkert seinare...

Spelarsituasjon - ikkje noko nytt her, og framleis har me plass til ein spelar eller to til, men ser ikkje på dette som noko krise. Me har fleire forespurnadar ute, men har så langt berre fått ein del kanskje til svar. Me ser ikkje bort ifrå at me kan dra eit og anna ess opp av erme når det nærmar seg sommarstid.

Dette var stort sett det me gjekk igjennom i går der planlegging og arbeidet med sponsorane stort sett tok opp det meste av tida vår.

Kveldens servering

Som vanleg var styremedlemmane spente på kva verten hadde på menyen, og her er den utfyllande dommen som styret gjer på denne;

Veldig greitt om det meste er klart når ein kjem til møtet. Møta startar ofte seint på kvelden, og det er ein fordel om det er klart til å grøype innpå med ein gong ein ankjem møtet. Men når me kom, sat verten henslengt i sofaen å såg på Karl III, utan at noko var klargjort.
 
Men etter ei stund sende han ei melding ut på kjøken til sambuaren om at ho skulle sette på kaffi. Dette er tydlegvis noko han har gode rutinar på, då det ikkje gjekk lenge før kaffien var på bordet. Og i tillegg vart me servert ei veldig god sjokoladekake! Det vart brått stillt rundt bordet, og særleg styreformannen likte kaka veldig godt. La vel innpå 5-6 bitar av den herlege kaka. Eg må innrømma at sjølv om det gjekk ei stund før kaffi og kaker kom på bordet, var dette absolutt verdt ventetida!
 
Etter eit par bitar av den gode kaka venta vi no berre på fortsettjinga. Vi hadde ikkje så mykje på agendaen på møtet denne kvelden, og det er vel ikkje til å legga skjul på at serveringa var noko av det viktigaste! Men tida gjekk fort, ikkje noko meir skjedde frå kjøkenavdelinga, og ein kunne merke ein litt amper stemning rundt bordet. Dei andre styremedlemmene såg i fortvilelse på kvarandre, veksla ikkje eit ord, men alle tenkte det same, "var dette alt!!" Richard hadde fleire turar ut på kjøken i løpet av kvelden, men dette var berre for å hjelpe sambuaren med den flunk nye PC'en dei har kjøft seg.
 
Det skulle vise seg at det siste han serverte for kvelden var ei alt for søt pæresaft. Han kom og med ein kommentar når denne vart severt: "Da va resten ao ei flaska med Fun light pæresaft me hadde staoande, mule ho litt søte"! Jau, Richard det var ho, alt for søt, dette vart og poengtert av deltakarane etter servering, utan at Richard brydde seg med å blande ho ut noko meir! Ein liten prøvesmak før servering, så hadde du unngått dette Richard, unødvendig!
 
Kort oppsummert: 
+ Veldig god kake. Kaffien var bra. Me fekk servert saft.
 
- Litt tregt før serveringa kom i gang. Skremmande dårleg utval! For søt saft!
 
 
Etter at Emil sette standarden for servering på forrige møte, så er dette for dårleg. Men sidan det trass alt vart servert ei veldig god, og ikkje minst heimelaga kake, blir det terningkast 3.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com