|
Tabelltips 2010
I det me gjer oss klar til årets fyrste seriekamp gjer me dykk vår korte og ufyldige vurdering av laga i 4.divisjon, og korleis me trur det endar til slutt.
Me gjer merksame på at me trur årets 4.divisjon vert rekordjamn, og her kan verkeleg alle slå alle. Sidan me og har liten kjennskap til mange av laga vert ein del av tipsa skot i blinde, men me gjer det likevel ein sjanse;
1. Saga
Me er ikkje i det minste tvil om kva lag me trur vinn årets 4.divisjon. Saga hadde ein god haustsesong i fjor og rykta seier at dei vil opp i år, og dersom dette stemmer er me rimeleg sikre på at dei klarar dette. Har eit rutinert lag som bugnar av kvalitet. Utfordringa bli om dei klarar å samla troppane til borteturane.
2. Kaupanger
Einaste laget som rykka ned frå fjorårets 3.divisjon, men me er likevel usikre på om dei er så mykje bedre enn dei andre laga av den grunn. Har mista mange av sine beste spelarar dei siste åra og byggjer nytt lag. Verkar til å vera blant dei mest seriøse laga i divisjon og kjem nok til å vera i tetsjiktet. Me trur det vert jamt etter Saga, og at kaupsingane kjem til å leia denne gruppa.
3. Selje
Har mista ein del av nøkkelspelarane og fekk ein forferdeleg start mot Lærdal med 2-4 tap. Me trur likevel at dei kjem til komma sterkt tilbake og vil bli å finna på øverste halvdel av 4.divisjon når me skal gjera opp sluttabell. Skal vera blant dei beste heimelaga i divisjon.
4. Førde 2
Alltid vanskeleg å vita korleis 2.laga vil gjera det. Sidan fyrstelaget spelar 2.divisjonsfotball trur me kvalitetet på 2.laget vil bli heva deretter, og det burde vera i førdianarane si interesse at dei nest beste får matcha seg i 4.divisjon til neste år og. Vil bli betydleg forsterka når spelarar som har ambisjonar om å spela i 2.divisjon og trenar deretter går ned to hakk. Me trur på ein god sesong for Førde 2.
5. Veitastrond
Me går til årets sesong med stor spaning og er forberedt på både topp- og botnstrid i år. Hadde ein god haustsesong i fjor og i år lyt me halda løpet heile sesongen for å kunne bita oss fast på øvre halvdel. Kjem til å bli enormt forsterka ved at Frode Kvam er tilbake, noko som gjer at me ikkje vert så avhengige av Kurt Heggestad. Me trur Heggestad/Kvam scorar 40+ til saman i år, og vert nøkkelen til at VIL-fotball vil gjera sin beste sesong nokon gong.
6. Syril
Syrstrendingane har behaldt sin faste stamme og dei har etterkvart eit meget erfarent mannskap til 4.divisjon å vera. Vil heilt sikkert svinga i prestasjonane, men vil nok sanka mykje poeng. Tvilsomt om dei klarar å blanda seg heilt i toppen, men me trur dei har sjanse til å halda plassen til neste års 4.divisjon.
7. Lærdal
Hadde ein dårleg haust i fjor og skulle ikkje tru dei vert bedre i år etter å ha mista sine to beste spelarar Lysne og Voll til Fjøra. Likevel trur me Lærdal dreg nye jokerar opp av hatten og me vert ikkje overraska om dei vert blant laga som vil kjempa om fornya plass.
8. Gaular
Etter å ha stanga rett bak opprykk i fleire år så lukkast det endeleg for Gaular å ta steget til 4.divisjon. Dersom dei har samme stammen som når me spelte mot dei i 2008 har dei eit rutinert og godt lag som kan bita godt i frå seg. Vil neppe bli nokon kasteball i 4.divisjon.
9. Årdal 2
Var dårlege på hausten i fjor, men tok nok poeng på våren til å unngå noko nedrykkstrid. Fyrselaget til årdølene er med å kjempar om opprykk til 2.divisjon, men me trur ikkje breidden er god nok til at 2.laget vil gjera ein tilsvarande god sesong. Det luktar nedrykk på Årdal 2 i år.
10. Eikefjord
Nyopprykka lag som me veit absolutt nix, null og nada om. Rykka ned frå 3. til 5. på to år før dei altså rykka rett opp til 4.igjen. I likhet med Gaular tvilar med på at dei vert noko lett byta å hanskast med, men heisen held det nok gåande i år igjen og denne gongen går den diverre for Eikefjorden i feil retning.
11. Skavøypoll
Skuffa stort i fjor etter at dei kom ned frå 3.divisjon. Har eit ungt lag og me trur dette vert for tynt i ein 4.divisjon som kjem til å bli rekordjamn. Me er redd det vert ein lang og tung sesong for Polljen i år.
12. Askvoll/Holmedal
Leia utruleg nok tabellen etter vårsesongen i fjor, men tapte dei 10 siste kampane og haldt til slutt på å rykka ned. Har vanskeleg for å tru at det vert noko betre i år, og me trur det vert jumboplass på AHIL i år. Lytt synd då me likar klubben, men utifrå dei to kampane me hadde mot dei i fjor så framstod dei som det svakaste laget i divisjon og dette trur me dei er i år og.
|