Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Tabelltips for 4.divisjon 2009

Me tek her ein liten presentasjon av laga i årets 4.divisjon, og prøver samstundes å laga til eit tabelltips utifrå slik me trur det endar. Sidan me føler oss relativt innhabile så tek me ikkje med vårt eige Veitastrond på dette tipset, men kanskje er det andre som kan tippa kor me endar i gjesteboka? Legg og til at me ikkje kjenner så veldig godt til alle lag og kanskje vert vurderinga noko tynn på enketle lag.

Kan seia at me trur at årets 4.divisjon vert utruleg jamn og med full klaff trur me at nesten samtlege lag kan blanda seg inn i tetstriden. Tipset under er slik me trur det vil gå, men som sagt er vurderingsevna vår syltynn på enkelte av laga. Me oppfordrar våre brukarar om å komma med sine tips i gjesteboka, og de må då sjøvlsagt ta med Veitastrond i vurderinga og (i motsetnad til oss...)

1. Skavøypoll

Rykka ned frå Firdaligaen i fjor, men me trur dei går rett opp igjen. Har mange års erfaring frå 3.divisjon og vil truleg komma seg opp att med ein gong. Ligg langt uti fjorgapet og mange lag kvir seg nok til å spela borte mot Poljen, og me trur dei vert utruleg gode heime. Lite spørsmålstegn er muligens at mange spelarar nok studerer andre stadar og kun er heime i helgane. Dette kan føra til laget ikkje får trent så mykje dei sikkert hadde ønska. Uansett trur me at det berre blir 1 år i 4.divisjon på Skavøypoll.

2. Selje

Mykje likt som med Skavøypoll. Dei rykka og ned frå Firdaligaen i fjor og ligg og langt ute oppe i fjordane og vert heilt sikkert gode heime. Etter det me har høyrt har dei og eit meget bra heimepublikum som er deira 12.mann. Vert heilt sikkert å rekna med i toppen, og me trur på ein 2.plass.

3. Dale

Stian Neset sine disiplar har tapt opprykket på målstreken 2 år på rad, og er nok ekstremt revansjesugne til å endeleg klara det i år. Me trur dei vil vera med heilt til `the bitter end` i år og, men må kanskje ta til takke med ein ny 3.plass i år og?

4. Saga

Dei erfarne karane på Saga er som vanleg tippa å vera med i toppen av  4.divisjon. Har mykje erfarne spelaraer og kanskje på papiret det beste laget i divisjonen, men det spørst om dei gamle spelarane er svoltne nok til å vera med heilt opp i toppen. Blir heilt sikkert eit vondt lag å møta, og me ser fram til å spela mot ex-VIL`ar Frank Robert Værn. Bra lag, men me trur ikkje dei når heilt opp.

5. Sandane

Eit av laga me trur kan bli ein outsider i årets 4.divisjon. Har vore nokre sesongar i 4. no etter at dei rykka ned frå 3.divisjon. Har bygd opp eit nytt lag, som kanskje vil slå ut i full blomst no. Har sin juvel på topp i Mads Wie som har vore å trena med Stabæk (!) Eit lag me trur vil overraska, og som kjem på minst ein 5.plass.

6. Førde 2

Alltid vanskeleg å vurdera 2.lag, men i og med at Førde er fylket sitt neste beste lag trur me at 2.laget deira og vil bita godt ifrå seg. Vil nok få med seg spelarar frå 1.laget, og i tillegg får ein tru at det finnes ein del unge talent i byen som vil gjera det godt i denne divisjonen. Me trur det held til topp 6 for førdianarane.

7. Askvoll/Holmedal

Eit lag som har vore i nedrykkstriden i mange sesongar, men me trur dei unngår dette i år. Har etter rapportane styrka laget sitt, og har blant anna fått inn eks Sogndal og Førde spelar Benny Rivedal. Me reknar med at Øivind Kristiansen gjer sopass bra speidararbeid at me ikkje kjem til å tapa mot Askvoll/Holmedal, men me trur ein del andre kjem til å gjera det. Ein fin 7.plass i år.

8. Syril

Systrendingane overraska i fjor etter opprykket frå 5.divisjon. I år trur me dei vil få det litt tøffare og havnar på nedre halvdel. Kan ikkje sjå at dei har styrka laget noko særleg, og har i tillegg mista Terje Kvam som var ein viktig brikke hjå dei i fjor. Vert årets lokalderby for vår del, men me trur Syril skuffar litt mot fjoråret og havnar på ein 8.plass.

9. Årdal 2

Blir mykje som Førde 2, men me trur ikkje reservane og unggutane er like gode inne i årdal. Vanskeleg for oss å bedømma dei noko meir, men me trur dei vil slita litt på nedre halvdel. Me ser forresten fram til å spela kamp på Cuba (Quuuuuubaaa) Stadion nede på Årdalstangen, der har me ikkje vore sidan lilleputtkamp i 1994...

10. Lærdal

Etter at dei i likhet med oss rykka opp frå 6. til 4.divisjon på 2 år har utviklinga stoppa litt opp for lærdølene. Har slitt i bunnstriden dei siste åra, og me trur ikkje rekrutteringa i Lærdal har vorte noko bedre dei siste åra. Har ein god trenar i Øystein Lindesteg som nok vil mana sine karar til kamp og i tillegg har dei fått på plass kunstgras som gjer gode treningsmuligheter året rundt. Likevel trur me ikkje Lærdal når noko høgare opp i år og det vert truleg ein ny kamp i botn.

11. Eid 2

Rykka opp frå 5.divisjon i fjor etter å ha komme på 2.plass bak Førde 3, men sidan Førde 2 alt er i divisjonen kunne dei ikkje rykka opp. Me slo Førde 3 i KM-finalen og vart ikkje alt for imponert over desse, og me trur av den grunn at Eid 2 ikkje har så mykje å stilla opp med. Har nok eit svært ungt lag, og me trur dei går rett ned att i 5.divisjon.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com