Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Terminliste 2012

Då er terminlista for 2012 for årets 4.divisjon klar. Laga var på terminlistemøte i byrjinga av januar, og no har SFFK handert dei innspela som kom her og har no årets kampoppsett klart.

Veitastrond sine kampar i år er som fylgjer;

22.04; Dale (b) - søndag
29.04; Balestrand (b) - søndag
06.05; Fjøra (b) - søndag
11.05; Jølster (h) - fredag
16.05; Lærdal (b) - onsdag
25.05; Sandane (b) - fredag
03.06; Kaupanger (h) - søndag
08.06; Høyang (b) - fredag
17.06; Førde 2 (h) - søndag
24.06; Skavøypoll (b) - søndag
01.07; Sogndal (h) - fredag

31.07; Dale (h) - tirsdag
05.08; Balestrand (h) - søndag
10.08; Fjøra (h) - fredag
20.08; Jølster (b) - måndag
26.08; Lærdal (h) - søndag
01.09; Sandane (h) - laurdag
09.09; Kaupanger (b) - søndag
16.09; Høyang (h) - søndag
24.09; Førde 2 (b) - måndag
30.09; Skavøypoll (h) - søndag
05.10; Sogndal 2 (b) - fredag

Veitastrond er utvilsamt veldig godt nøgd med årets terminliste. For det fyrste er me veldig glade for at me får spela dei tre fyrste kampane på bortebane. Årets fyrste heimekamp er 11.mai, og dersom værgudane er med oss så får me spela på Leikvoll allereie då. I fjor spelte me kamp der 16.mai, og med litt betre førebuing og litt mindre snø så burde det vera håp om dette. Me håpar då at me får spelt alle heimekampane våre på Leikvoll i år.

Me gjer oss ferdig med alle lange borteturar på våren. Då gjer me unna langturane til Dale, Sandane og Skavøypoll, samt "ferjeturane" til Balestrand og Høyang.

Haustsesongen ser utruleg fin ut med 7 heimekampar og 4 bortekampar der to er i Sogndal og dei to andre er måndagskveldar i Førde og Jølster. Resten er heim på ærverdige Leikvoll ;)

Det vert ein knapp sommarferie på oss, og me byrjar haustsesongen allereie 31.juli. Blir spanande å sjå korleis lag me klarar å stabla i stand til denne runden, men me trur at vår motstandar Dale vil slita med mykje dei samme problema denne tysdagskvelden midt på sommaren.

Det er kanskje i overkant mange søndagskampar etter vår smak, men diverre var kretsen vanskelege på dette området og tillot ikkje ubegrensa med byting av kampdagar.

16.maikampen i år blir spelt på bortebane mot Lærdal. Ellers er det berre å blinka ut det eine saftige lokaloppgjeret etter det andre. Kaupanger heime 3.juni er alltid ein høydare, men me gler oss og til Fjøra kjem på besøk 10.august og Sogndal 2 1.juli.

VIL-fotball er alt i alt godt nøgd med oppsettet og me gler oss no til å komma i gang.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com