|
Thrilleravslutning i årets 4.divisjon

Det gjenstår no berre to rundar i årets 4.divisjon, og både i topp og botn går det mot ein meget spanande avslutning. I praksis så har 8 lag ikkje noko å anna enn æra å spela for, medan 2 lag i toppen og 2 lag i botn kjempar for å klara opprykk og unngå nedrykk. Veitastrond er ein av dei laga som framleis har ein meget spanande sesongavslutning å sjå fram til, og for dei som måtte lura så kjempar me diverre på nederste del av tabellen. Me tek her ein liten gjennomgang av det som gjenstår av årets sesong.
I årets 4.divisjon er det 12 lag. Av desse er det heilt sikkert at 2 rykker opp og 1 rykker ned. Ytterlegare 1 lag kan rykka ned dersom det laget som vinn Firdaligaen (3.div) ikkje klarar opprykk til 2.div via kvalifiseringen som dei må igjennom. Veitastrond kjemper i dag ein hard kamp for å unngå den utsatte 11.plassen som altså kan gje oss nedrykk til 5.divisjon.
Det er altså ikkje sikkert at Veitastrond rykker ned sjølv om me skulle feila i sluttspurten og havna på nest siste plass. Likevel er det ikkje noko å satsa på at det laget som vinn Firdaligaen skal klara opprykket til 2.divisjon då dette ikkje har skjedd på mange år...
Me tek ein liten gjennomgang av tabellen slik den ser ut når to rundar gjenstår, og forsøker oss på nokre tips.. ;
Toppen
Dale er for lengst klara for opprykk og tek seg ein velfortent tur opp til Firdaligaen. Bak dei er det hard kamp mellom Sandane og Selje om å klara den siste opprykksplassen. Sandane leiar pr. no med 1 poeng på seljingane og har i tillegg betre målskilnad.
I dei to siste kampane har Sandane igjen Eid 2 (b) og Syril (h) og noko anna enn 6 poeng her vil overraska oss stort. Selje har igjen Lærdal (h) og Saga (b) og har nok ei langt tøffare oppgåve med å kapra alle poenga då dei har tøff bortekamp mot Saga i siste kamp. Veitastrond.com tippar at Sandane stikk av med den siste opprykksplassen og basert på det laga har vist over to kampar mot oss så tykkjer me det vil vera meget fortent. Alt i alt har Sandane for oss framstått som divisjonen aller beste lag og i motsetnad til Selje verkar det som at dei har eit sterkt ynskje om å rykka opp. Vårt tips går altså til Sandane...
Det skal og takast med at Saga kan klara opprykk, men då må Sandane og Selje tapa begge sine kampar og Saga vinna sine. Alt kan sjølvsagt skje i sesongavslutninga, men dersom Saga faktisk klarar opprykk så skal vevansvarleg personleg gå på hendene opp til Førde for å gratulera...
Midtsjiktet
Etter topp 4 så fylgjer Syril som har ein fair sjanse til å kapra 4.plassen frå Saga, men som ikkje kan falla lenger ned på tabellen.
Bak Syril kjempar Årdal 2, Skavøypoll, Lærdal og Askvoll/Holmedal om henholdsvis 6., 7., 8. og 9. plassen på tabellen. For desse laga handlar nok det meste no om å bli fortast mogleg ferdig med årets sesong vil me tru.
Botnstriden
Eid 2 har allereie "fått" billett ned til neste års 5.divisjon og er fortapt på jumboplass.
Over dei så ligg dei to laga som det er vanskelegaste å spå om mot slutten av sesongen. Veitastrond og Førde 2 kjempar ein hard kamp om å unngå 11.plassen og dei ligg no begge med 18 poeng, men der VIL leiar med 3 pluss mål meir.
Ingen av dei to laga har noko spesielt hardt sluttprogram og det kan bli små marginar som til slutt skil dei to. Veitastrond har att Skavøypoll (h) og Askvoll/Holmedal (b), medan Førde 2 har att Askvoll/Holmedal (h) og Lærdal (b). Altså har begge to berre att kampar mot lag som havnar på nederste halvdel av tabellen, men som ikkje har noko å spela for - stort meir ideelt kan det vel kanskje ikkje bli? ...men så lenge det er likt for begge vert det ikkje den heilt store fordelen for hverken den eine eller den andre.
Uansett lyt me hugsa på at både Veitastrond og Førde 2 har vore veldig ustabile denne sesongen og me trur at absolutt alt kan skje på slutten. Det er like truleg at begge laga får kvar sine 3 poeng som at det eine får 6 p og det andre 0 for å seia det på den måten. Små tilfeldighetar som skadde spelarar, banetilhøve og dommarfeil kan fort bli heilt avgjerande i sluttspurten.
Me kryssar fingrane for at Veitastrond klarar å halda Førde 2 bak seg og at me dermed kan ta vinterferie med vissheten om at me òg til neste år stiller til start i 4.divisjon.
Tabelltips
Det er som regel vanskeleg å tippa tabellar, men med berre 2 serierundar igjen føler me at oddsen er adskilligt betre for å lukkast. Basert på dei siste to rundane og ein liten dæsj med godvilje tippar me på denne sluttabellen i årets 4.divisjon;
|
|
Lag |
|
1 |
Dale |
|
2 |
Sandane |
|
3 |
Selje |
|
4 |
Saga |
|
5 |
Syril |
|
6 |
Skavøypoll |
|
7 |
Lærdal |
|
8 |
Årdal 2 |
|
9 |
Askvoll/Holmedal |
|
10 |
Veitastrond |
|
11 |
Førde 2 |
|
12 |
Eid 2 |
...og skulle du ha sett. Etter våre spådommar unngår Veitastrond forsyne meg nedrykket som me fryktar som mest...
|