Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  To nye spelarar er klare for Veitastrond

Veitastrond signerte i slutten av forrige veke to nye spelarar, og begge er venta å få sin debut i kampen mot Lærdal i morgon. Andreas Bjelde frå Kaupanger skulle vera kjendt for dei fleste, og i tillegg til han har me henta inn Olai Johnsgård som er student i Sogndal. Dette er to spelarar som begge vil heva nivået på laget vårt samt at me treng meir bredde i stallen når me no tek fatt på siste del av haustsesongen.

Andreas Bjelde

Dette er ein ekte Kaupangergut som har spelt for moderklubben frå miniputtnivå og fram til og med fjorårssesongen. Han valgte då å trappa ned på fotballen, men etter ca 1 år borte så gjer han no comeback for Veitastrond.

Andreas som er 29 år har drøssevis med erfaring, og vil i fyrste rekke vera aktuell som forsvarsspelar. Han er kjendt for sin tøffe og kontante spelestil og han kan heilt klart bli ein publikumsfavoritt på Leikvoll. Utanfor bana er han ein humørspreiar, og mer er glade for å med oss ein slik type i spelargruppa.

Me tippar at Andreas allereie har merka av11.september i kalendaren sin. På denne dagen skal nemleg Veitastrond spela borte mot Kaupanger, og det er ikkje godt å vita korleis mottakelse Andreas vil få når han kjem på Skogen for å spela i mot sine eigne.

Olai Johnsgård

Dette er nok eit langt meir ubeskrevet blad både for deg som lesar og oss som skriv dette. Har diverre ikkje fått snakka med Olai slik at me har noko intervju med han, noko som hadde vore på sin plass for eit ukjendt fjes.

Det me veit er han er 21 år og studerar i Sogndal.

Han har vore med på trening heilt sidan i vår og har gjort sine saker bra. Han vil vera mest aktuell for ein posisjon framme i bana. Anten som midtbanespelar, ving eller spiss.

Med Olai og Andreas har me dermed forsterka stallen både defansivt og offansivt.

Me ynskjer begge dei to spelarane velkommen til VIL-fotball.

To spelarar ute med skade

Samstundes som me har fått inn to nye kan me melda om at Patrik Fritzon og Erlend Sando er satt ut av spel med skadar. Patrik har slege opp at skaden han hadde i foten i vår, medan Erlend slit med beinhinnbetennelse.

Det er vanskeleg å seir kor lenge dei vert ute, men haustsesongen er kort og i verste fall får dei ikkje spelt meir i år.

I tillegg fekk Arne seg ein trøkk på trening denne veka som truleg set han på sidelinja mot Lærdal i morgon, og Øivind slit med beinhinnbetennelse.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com