Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Årets toppscorar - ein fortent vinnar?

Før avslutningsfesten på laurdag var det berre ein som var sikker på at han vann ein pris, og det var årets toppscorar Richard Nes. Richard hadde sjølvsagt glede seg stort til å ta i mot denne prisen, og talen var skreve lenge på førehand. Likevel vart ikkje denne utdelinga den store opplevinga som det hadde vore dei 3 føregåande åra for toppscoraren. Det klarde nemleg spisskonkurrent/partner Vidar Vadseth å setta ein effektiv stoppar for.

Midt under middagen pikka nemleg Vidar i glaset og røyste sin store kropp og tok ordet. Her fortalde han om korleis kampen om å bli årets måljeger verkeleg spissa seg til på slutten, noko som gjorde til at dei tre som kjempa om tittelen; Vidar, Richard og Bjørn, slutta heilt å sentra til kvarande. Dette hadde nok utslag på resultata i sesongen, og sannsynlegvis hadde me vunne alle kampane om ikkje spissane hadde forvandla seg til sjølvopptekne egoistar.

I allefall så hadde Vidar funne ut han måtte finna ein statistikk der han sjølv trona øverst, og samstundes var det ingen bakdel om toppscoraren kom dårleg ut på samme statistikk. Difor gjekk han igjennom kvar einaste kamp me hadde spelt, og talde antal spelde minutt på dei 5 som låg øverst på toppscorarlista, og dividerte dette med antal mål. Slik sett fann han fram til den spelaren som hadde vore mest effektiv framfor kassen i år, og sanneleg min hatt så viste det seg at Vidar Vadseth sjølv toppa denne tabellen rimeleg klart.

Her er tabellen som Vidar hadde laga til;

Navn

Antal minutt

Antal mål

Minutt pr scoring

Vidar Vadseth

565

9

62 min 47 sek

Bjørn Molland

1055

11

95 min 55 sek

Helge Skjælaaen

710

7

101 min 26 sek

Richard Nes

1230

12

102 min 30 sek

Arne Nes

725

7

103 min 34 sek

Her ser me altså at Vidar ganske så suverent tronar øverst når det kjem til effektivitet. Hadde til dømes Richard og Vidar skifta antal spelde minutt ville Vidar ha enda med ca 20 mål, medan Richard hadde enda på ca 6 mål.

Heilt til slutt kan me ta med at Gøran Fimreite spelte til saman 70 minutt som utespelar, og enda opp med 3 scoringar. Gøran brukar dermed 23 minutt og 20 sek pr scoring. Hadde han spelt like mykje som Richard på topp hadde han dermed enda opp med smått imponerande 53 mål.

Me let med dette statistikk vera statistikk og vil i framtida halda fram med å kåra årets toppscorar utifrå antal faktiske scoringar!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com