Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Trenaren har ordet

Sesongen 2009 er over og den fyrste til oppsumera er VIL-høvdingen sjølv, Emil Heggestad. Det er berre å setta seg godt til rette framfor godstolen og lesa kva vår spelande trenar har å seia om året som som gjekk. God fornøyelse...

"Vyrde Veitastrondsvener

Den store karamellposen me tok med oss frå Askvoll søndag er ikkje i nærleiken av å vera tom, og det er i samarbeid med denne eg no sit å mimra om denne historiske fotballsesongen 2009. Med ein knallsterk haustsesong, der me plukka 21 av 33 mulege poeng var det ein redningsaksjon frå ein mindre bra vårsesong som heile klubben kan vera stolt av.

 

Sesongen starta med ein skikkeleg nasastyvert frå fjorårets spelar og toppscorar, Frode Kvam. Han ville trappa litt ned og tok til på ein ny sesong i Fjøra. Me ynskte karen lykke til, men supporterane var fort ute å ytra sin misnøye og frykt for kva dette ville bety for laget. Ole Kristian Vikheim valte å satsa på ein karriere på Nåtsete boys og meldte dessverre sin avgang. Det var ikkje den ideelle starten, men historia skulle utvikla seg til eit nytt eventyr for oss. Me mista to VIL-stjerner, men henta umiddelbart tre ferskingar som vart forma i stjernefabrikken og skulle visa seg å verta særs viktig brikker i årets sesong. Erlend Sando med ein fotballskalle av dei sjeldne. Kraft, teknikk og ro. Åsmund Øgar. Slepen venstrefotar som kan bekle mange rollar og ikkje minst Kenneth Mo. Stoppar det står respekt av. Vinn ti av ni duellar og har ein enorm vilje. Tre mektige signeringar. Treningskampane gjekk litt opp og ned, med 4-1 mot Jølster som ein høydare, medan eit barmhjertigheitstap 1-5 mot Hafslo var som drege rett ut av ein middels komedie.

 

Så starta showet borte mot Lærdal, historias første kamp for Strondi i fjerde divisjon enda som lite uventa med seier og rett opp på tabelltopp. Var fjerde så lett? Nei. Me gjekk så på det eine tapet etter det andre og det murra i klubben, trudde alle. Sjølv om det gjekk dårleg i fleire kampar, med tapet borte mot Eid 2 som rett og slett flautt. Me fortsette med tap mot Syril på Kvåle Stadion 3-4 som var rett og slett flautt. Grep måtte gjerast og i beste CM 93 (fotballspel på data) endra me no formasjonar og plassering til spelarar og nærmast innhald i drikkeflasken, og underteikna sprang rundt som eit forvirra veiggjalus og visste ikkje kva som måtte gjerast. Det eine tapet avløyste det andre og stabiliteten i prestasjonane var fascinerande og frustrerande stabile. Eit lite opphald i elendigheita kom med ein seier mot Saga på heimebana vår på Kaupanger for dagen, og med stort press frå Helge Skjælaaen må eg nemna at han laga hat-trick i denne kampen. Skulle det endeleg snu for oss? Nei! Etter dette var det ein enno lengre bolk med tap og saman med Eid 2 var me no både limt og spikra til botn av tabellen til sommarferien. No fekk me sjå at det å eta kirsebær med dei store gutane i fjerde divisjon ikkje var noko selskap for veldedigheit.

 

Ferien kom og me reiste direkte ut på spelarmarknaden og fleire stjerner melde sin ankomst til haustsesongen. Tidlegare Fjør, Frode Kvåle kom med offensive kvalitetar som skulle vise seg å bli viktige og Ole Christian Løvik kom inn med kompetanse som midtbanespelar, ikkje venstreback i følgje han sjølv, som var uvurderleg i haustinnspurten. Kim Andre var tilbake etter ein lei kneskade og visekaptein var svært delaktig på hausten. Underteikna var og klar igjen etter at trongen til å kyssa la seg ut på sommaren. Me såg på oss som vesentleg forsterka til haustsesongen. Me starta på Leikvoll mot Lærdal og henta tre poeng og redningsaksjonen var i gang, for så å setta han litt på vent heime mot Førde 2, der me tapte med ein mann mindre. Taktiske feilgrep frå underteikna har skulda.

 

Neste kamp var det sportsleg leiar som dreit seg ut. Kurt vart sendt på bana, med tre gule. Selje sendte inn protest, fekk medhald og me som vant 3-2 og sikra tre viktige poeng, fekk i staden 0-3 i sekken, 0 poeng og ei helsing frå kretsen på 2000,-. Sponsor Elvebakken gardsysteri tok bota, medan me no låg i ein særs vanskeleg situasjon. Same dag som me fekk denne straffa, tapte me borte mot Syril i det som i historia vil bli hugsa som ran på høglys dag. Seks tapte poeng på ein dag og mannen på perrongen vifta med det grøne flagget og blas meir passande i fløyta enn me er vant med.

 

Seks kampar igjen, seks poeng bak Førde 2, tre heimekampar og tre bortekampar igjen. Ein kan frykta ein laber stemning i gruppa, men den er ikkje der. Spelarane står oppreist og når presset er som størst tek gruppa tak og vinn heimekampane, let det vera att litt spenning ved å lata vera å ta poeng i dei to neste bortekampane og lata fansen få eit nervedrama til slutt.

 

I beste Alfred Hitchcock stil er Veitastrond klare til avreise frå skysstasjon kl. 11.15 den 11.oktober 2009. Klokka viser 11.20 og fem minuttar seinare 11.24, men verken Morten Hagen eller Geir Aardal har møtt som avtalt. Bussjåføren som truleg sit på ramma traskar mot bussen og me er nøydd til å legga i veg mot Askvoll utan to viktige brikker til kampen som i verste fall måtte vinnast med fem mål om me skulle vera sikra plassen vår i fjerde divisjon. Når me var på plass var plan å gå ut trykka dei, men som ikkje det var nok dramatikk var spelande trenar, Emil, fram på å putta ballen i eige mål etter 10 min, 0-2 kom like etterpå, medan Førde 2 leia sin kamp. På dette tidspunkt var me godt planta nede i femte divisjon, der me, om nokon hugsa, dreiv å rota i langt mindre fasjonable omgjevnader. Men utan å fornærma nokon, var årets spelar i fjerde divisjon i Sogn og Fjordane Kurt Heggestad nok ein gong der han skulle vera. Reduseringa til 2-1 var perfekt og 2-2 var bevis på at det ikkje berre er ein god finte som kan senda motstandaren i pølsekiosken. Skulder mot skulder og vips så var Askvoll- spelaren på veg ut i geografien og ballen på veg mot nettmaskene. 2-2 til pause, Lærdal hadde snudd oppgjeret mot Førde 2 og me var i augneblinken i fjerde. I andre tok me totalt over og Emil og Frode scora kvart sitt i andre omgang og til slutt stod med igjen med ein 4-3 seier. 2.laget til byen Førde med sine om lag 10000 innbyggarar var sendt ned i femte divisjon på bekostning av laget frå bygda med i underkant av 100 fastbuande. Intet mindre enn søtt og godt.

 

Me har hatt 11 heimekampar i år og åtte av desse har me fått spela på ærverdige Leikvoll Stadion. Publikum har nok ein gong vist sin styrke og det er ikkje utan grunn at me har tatt 21 av 27 poeng på heimebane. Takk for hjelpa og vel møtt til nye basketak neste sesong. Vil her og få takka Ingrid, Rakel og Amalie og John for fantastisk jobb i kiosken. Den er viden kjent for heimelaga mat som er nummer ein i divisjon. Johannes held Leikvoll som eit stoveteppe heile sesongen. Ein uvurderleg innsats for klubben gjer de. Må og få nemna apparatet som er rundt det sportslege. Frank som dommar og kampkoordinator og over middels engasjert som både reserve og spelar, Hildegunn som oppkvinne, og Richard som assistenttrenar og glimrande skribent på våre heimesider, som no er inne blant dei 100 beste fotballheimesidene i landet. Mykje arbeid blir lagt ned. Takk til dykk alle og eg lovar moglegheiter til å få vera med til neste år.

 

Sesongen har vore lang og kronglete, men som Richard Nes sa det rett etter at me henta Patrik Fritzon på lån frå Fjøra i hurten og sturten, for å kunne stille lag borte mot Skavøypoll, ”ditta e jammen moro mann”. Eg kan ikkje seia meg anna enn heilt einig. Eg vil nytta denne og andre anledningar til å takka spelarane for innsatsen. Ein gjeng som er umogleg å knekkja humøret på, sjølv om det tidvis har vore harde og mange tak. Det er no anledning for alle å telja knappar, og sjølv om det tek på å vera ei stjerne i konstant mediefokus, håpar og trur eg at de blir med på nye eventyr når sesongen 2010 skal bli merkt av nye sprell frå Veitastrond Fotball.

 

Takk

 

Emil Heggestad"

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com