|
Treningane er i full gang

Veitastrond sitt stjernegalleri har vakna opp frå vinterdvalen og trenar no for fullt fram mot sesongen 2010. Laget har allereie hatt to treningsveker og spelarane virkar til å vera usedvanleg gira på ein ny sesong til trass for at me berre er i januar månad. Trenar Emil Heggestad har så langt hatt sitt svera strev med å arrangera treningane då det har vore oppi 28 oppmøtte spelarar, noko som er ca 8 for mange. Med ny treningsstart følgjer òg ny treningsstatistikk og den fyrste utgåva av denne kan du no sjå her på Veitastrond.com.
Veitastrond starta opp med treningane i forrige veke og på fyrste økt møtte det altså 28 mann. 8-9 av desse var prøvespelarar som alle hadde ein draum om å få kontrakt med Veitastrond, men så langt har ingen av dei fått noko tilbod frå VIL-fotball og venteleg vil heller ikkje så mange av dei få det. Likevel var det truleg ei fin oppleving for dei spelarane som fekk ta del på ei trening med Veitastrond Fotball.
Etter den fyrste treninga som var prega av kaos har oppmøte no stabilistert seg på 18-20 mann.
Treningsstatisikken i gang
Som vanleg sparkar me på denne tida av året i gang årets treningsstatistikk. Etter to treningar er det 3 mann som står bokført med full pott på 4 poeng, og i teten er kontrastane store der ein finn både snauskoltar og hednahundar...
Nytt av året er at jogginga er teken bort ifrå treningsstatistikken. Ansvarleg for statistikken Richard Nes vil ikkje sei noko om dette kan komma inn seinare i løpet av sesongen.
Treningsfri
Veitastrond skulle i utgangspunktet ha spelt sin fyrste treningskamp mot Fjøra den kommande søndagen, men denne vart diverre avlyst (muligens utsatt) I det heile så er oppsettet på treningskampane noko uklårt ennå, men i følge treningskampkoordinator Frank Heggestad vil det nok bli eit bra opplegg når alt er klart.
Det har vore ein knallhard treningsstart for Veitastrond der laget byrja med trening forrige torsdag og hadde ny trening allereie på mandagen igjen. Med to økter på 5 dagar valgte difor det sporstlege apparatet å gje to vekers treningsfri slik at spelarane får sjansen til å henta seg inn att. I denne perioden får spelarane treningsforbod i frykt for at enkelte skal møte veggen tidleg i sesongen....
|