|
Treningsavgifta 2010

Ny sesong står for tur og med den fører det mykje godt med seg. Diverre har den òg nokre laster og ein av desse er treningsavgifta som må sankast inn frå kvar enkelt spelar. All erfaring tilseier at dette er ein tidkrevande jobb så då er det like greitt å ta til jo før jo heller. Årets treningsavgift ber preg av ein dramatisk prisauke på kr 400,-, men me vonar at spelarane kjenner sitt betalingsansvar og overfører pengane snarast.
I fjor byrja innsanking av treningsavgift den 24.februar og frå Arne Nes betalte fyrste dagen så måtte me venta ca 4 månadar før Morten Hagen kom inn som siste betalar. Derfor ser me ingen grunn til å venta med dette i år.
Prisauke
Treningsavgifta har dei siste åra vore på kr 1600,-, men me syntes at det var på høg tid å oppjustera dette til kr 2000,- der 1900 er treningsavgift medan siste hundrelappen er eksklusivt medlemskap i VIL.
Dei spelarane som ynskjer det kan betala inn kr 1200,- for vårsesongen og kr 800,- til hausten. Dette gjeld då særleg for dei som ikkje veit om dei blir med på haustsesongen, eller eventuelt berre blir med på hausten.
Stor prestisje
Me minner om at det er meget stor prestisje å vera fyrste mann til å betala inn, og me oppmodar difor spelarane til å snu seg om å gjera seg ferdig med dette ASAP.
Det vil bli sendt ut purringar fortløpande heilt til samtlege har betalt det dei skal.
|