|
Treningskampar 2010
Veitastrond har etterkvart fått mange treningskampar på plass framfor den kommande sesongen, og me gjer dykk her ein liten oversikt.
Vår flittige treningskampkoordinator Frank Heggestad kan melda om at følgande kampar er avtalt så langt;
13.02. Jølster kl 1730 i Sognahallen 22.02. Fjøra kl 1930 i Sognahallen (2X40 min) 05.03. Dale kl 1800 i Sognhahallen 06.03. Bjørn kl 1500 i Sognahallen 10.03. Årdal 2 kl ?? ?? i Årdal
Dvs at 5 kampar er i boks der 3 av desse er mot 3.divisjonslag, 1 mot 4.divisjon og 1 frå 5.divisjon. Dette er heilt i tråd med det me ynskjer, då me helst ikkje vil spela for mykje mot dei laga me skal møte til dagleg når 4.divisjonen sparkast i gang. Det er òg ekstra kjekt å måla krefter mot 3.divisjonslag og me er glade for at 3 lag frå Firdaligaen har takka ja til å spela mot oss.
Me ser at det er lagt opp til superhelg i byrjinga av mars då me spelar mot Dale på fredagskveld og rekk knapt å summa oss før me prøver oss på Bjørn dagen etterpå.
I tillegg til desse kampane håpar me å få på plass 1-2 kampar til, der me blant anna vil ha ein generalprøve ca den 12.april.
Me gjer oppmerksam på at det kan komma endringar på dette oppsettet.
|