Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Even Kvam soleklar vinnar av årets treningsstatistikk

Forrige torsdag hadde Veitastrond siste treningsøkt for sesongen, og me avslutta dermed og vår treningsstatistikk. Medan det i fjor var 3 mann som låg heilt likt framfor siste trening har i år vår kaptein Even Kvam leia denne statistikken omtrent i frå start til slutt, og at han skulle bli vinnar har vore klart lenge. Me nyttar no anledninga til å sjå tilbake på årets treningssesong.

Ein fullstendigt treningsstatistikk kan du finna HER

Even Kvam tok tidleg leiinga i årets treningsstatistikk, og han vart blant vinnarane av månadens spelar i sesongens to fyrste treningsmånadar i januar og feburar. I alt har han vorte kåra til månadens spelar i 5 av 8 treningsmånadar (vinnarane av oktober er ikkje publiserte ennå), noko som skulle vera ein peikepinn på kor suveren han har vore.

Hovudgrunnen til at han er vinnar i år skuldast nok at han vore på 39 av 42 treningar, og er med det den som har vore på nest mest treningar. I tillegg har Even ein imponerande vinnarstatisikk å visa til, og ein vinnarprosent på 64,10% er det berre to spelarar som kan måla seg med av dei som har vore på meir enn halvparten av treningane.

Me tykkjer sjølvsagt at det er fullt fortent at Even får denne prisen. Han er trufast på kvar einaste trening, og har ein innsats som svært få kan visa makan til. I fjor kom Even på 2.plass, og me er sikre på at han er meget godt nøgd med å sikra seg fyrsteplassen i år.

Me gratulerar Even Kvam, og ein ytterlegare merksamhet er venta å komma på avslutningsfesten!

Kommentarar til årets treningsstatistikk

* Det har vore gjennomført 42 treningar der me har hatt eit snitt på 15 mann pr trening. Til saman har 35 mann vore innom treningsfeltet til VIL i løpet av sesongen, der 10 av desse berre har vore på gjestetrening.

* Samanlinka med sesongen før så har me vore eit par hakk bak, då me den gongen hadde 43 treningar med eit snitt på 15,7 mann pr trening. Den gong klarde me å karra oss til opprykk frå 6.div, og i år vart me KM-meistar i 5.div - altså skulle dette vera bevis på at trening er rimeleg oppskrytt. Me kjem til å ta dette til etterretning neste år, og me har endå ikkje heilt bestemt oss om me skal trena eller ikkje neste sesong.

* Richard Nes var på flest treningar med 39 føre Even Kvam som fekk med seg 38 økter.

* Av dei som spelte kampar for VIL i år var Helge Skjælaaen på færrast treningar med 10, men han var då berre med på haustsesongen. Etter han fulgte Gaulte Olstad med 14- og Vidar Vadseth og Morten Hagen med 15 treningar kvar.

* Kurt Heggestad hadde høgast vinnarprosent av dei som var på 10 treningar eller meir. Han var på vinnarlaget i 70,83% av treningane. Etter Kurt kjem Helge Skjælaaen med 70% og Arne Nes med 66,67%.

* Øystein Heggestad og Vidar Vadseth hadde lågast vinnarprosent med 40, med Emil Heggestad deretter med 41,67%. Til Emil sitt forsvar kan me ta med at han har vore på mange treningar der han ikkje har delteke i sjølve spelinga, og har då berre fått for oppmøte.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com