Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond spelar aldri uavgjort

Den 1.september 2008 var ein merkedag for VIL-fotball. Fyrst og fremst fordi at dette var dagen då NRK var å laga reportasje til Sportsrevyen omkring lokaloppgjeret mellom Veitastrond og Hafslo, men og fordi at denne kampen enda uavgjort. For visste du at dette var siste offisielle kamp der Veitastrond delte poenga med motstandaren? Sidan den gong har me spelt 40 kampar der Veitastrond anten har vunne eller tapt. Altså ingen uavgjorte på nesten 2 år, og spør du oss er dette ganske utruleg når ein ser på alle dei jamne kampane me har spelt i dette tidsrommet.

Gårsdagens kamp mot Syril var altså kamp nummer 40 utan avgjort. På desse kampane har me vunne 18, tapt 22 og spelt 0 uavgjorte.

Dette er ganske unikt, fordi me kan ikkje komma på ein kamp sidan den gong der me har vore spesielt sikre på hverken siger eller tap. Me spelar i dag i ein 4.divisjon som er jamnare enn nokon gong, og der alle kan slå alle. Heile 18 av dei 40 kampane utan uavgjort har me vunne eller tapt med berre 1 mål, og mange av kampane har vorte avgjorte heilt på tampen.

Så langt i årets 4.divisjon har 11 kampar endt uavgjort, og det einaste laget som ikkje har vore involvert i ein av desse er Veitastrond. I fjorårets sesong så endte 16 kampar likt i 4.divisjon, og den gong var Veitastrond og Askvoll/Holmedal dei einaste laga som ikkje delte poenga.

Ikkje veit me om det er ein slags forbannelse som ligg over oss (litt usikre på kva den skulle vera godt for?), eller kanskje skuldast denne spesielle statistikken at me alltid vil vinna kampar slik at me sleng alle mann i angrep mot slutten. Dette kan då resultera i at me scorar sjølv, men det gjer oss og sjølvsagt sårbare bakover.

Uansett ein interessant statistikk, og så får me sjå kor lenge den held no når me har offentleggjort den. Sist gong me gjore noko liknande var når me publiserte at Veitastrond aldri hadde bomma på straffe, og den gong brente me 2 av dei 3 neste straffesparka.

Skal sjå det blir mykje poengdeling på Leikvoll framover no...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com