Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond med kamp nummer 50

13-0 sigeren mot Norane på tysdag var eit flott resultat for VIL-fotball til å markera sin 50. offisielle kamp. På snart 4 sesongar har me spelt 49 seriekampar og 1 cupkamp (neste kamp blir altså seriekamp nummer 50). Me vil her presentera litt statistikk for dei 50 kampane, og sjå korleis VIL har prestert på denne tida.

Oversikt over heime/borte statisikk;

K V U T Mål Poeng
Heime 25 9 5 11 117-100 32
Borte 25 11 5 9 76-68 38
Totalt 50 20 10 20 193-166 70

På denne tabellen ser ein at me har spelt 25 kampar heime på Leikvoll og ditto på bortebane. Totalt sett har me i snitt teke 1,4 poeng pr kamp. Om me tek måla for seg har det vore i snitt litt over 7 mål pr kamp og me har rundt rekna vunne kvar kamp 4-3.

Ser me på heimestatistikken vår ser me at den kanskje er overraskande svak, og på mange måtar avkreftar myta om at Veitastrond er eit spesielt frykta lag å møta heime på intime Leikvoll Stadion. Det har vist seg mange gonger at me har trivst mykje betre når me får litt større bane å spela på, og kanskje hadde me hatt endå betre resultat å visa til dersom Leikvoll hadde hatt "normal" storleik?

I allefall ser me at poengsnittet på Leikvoll er på 1,28. Det har i snitt vore heile 8,68 mål pr heimekamp og me har om me tek litt i vunne kvar kamp cirkus 5-4. Heimepublikumet har så absolutt fått valuta for pengane opp gjennom åra på Leikvoll, og me har heilt klart vore beviste på at det er i underhaldningsbransjen me høyrer heime.

På bortebane har det ikkje vore så målrikt verken framover eller bakover på bana, men poengfangsten er noko betre. Poengsnittet her er på 1,52. Pr kamp har det komme i snitt 5,76 mål pr kamp, og resultat her har vore bortimot 3-3.

Spelaroversikt 

Ein fullstendig og oppdatert maratontabell for VIL-fotball kan du finna HER

På 50 kampar ser me her at faktisk akkurat 50 spelarar står bokført med kampar for VIL. Richard Nes toppar tabellen ved å ha spelt samtlege 50 kampar. Nærast han fylger to andre bærebjelkar i klubben Bjørn Molland med 47 kampar og Emil Heggestad med 45.

Richard Nes er og toppscorar med 48 scoringar. Bak fylgjer Arne Nes med 21 mål og Bjørn Molland med 19 mål. Til saman har 29 av dei 50 spelarane som har vore i aksjon tegna seg på scoringslista.

Me har til saman scora 193 mål ,og me nærmar oss med stormskritt mål nummer 200. Ser me litt tilbake så finn me ut at følgande spelarar har stått bak tidegare milepælar;

  • Mål nummer 50; Richard si scoring borte mot JÅFK3 i 2005 som sende VIL opp i 4-2 leiing. Kampen enda til slutt med 7-2 siger
  • Mål nummer 100; Jan Eirik si scoring som sende VIL opp i ein 5-4 leiing i den historiske 6-6 kampen den 06.06.06 mot Aurland/Lærdal2 heime på Leikvoll
  • Mål nummer 150; Vidar Vadseth si utlikning til 1-1 heime mot Norane denne sesongen i ein kamp som til slutt enda med 19-2 siger til VIL
  • Mål nummer 200; ???

Av kort så har me fått 66 gule og 8 raude. Med eit snitt på berre ca 1,5 kort pr kamp så skulle endå ei myte kunne avkreftast nemleg at VIL er eit råtass lag utan like...

Dei enkelt spelarane som skil seg mest ut som dei ivrigaste kortsamlarane er utvilsamt Frank Heggestad, Geir Aardal og Even Kvam.

 

For å finna ut meir om kva som har skjed på dei 50 kampane til VIL så anbefalar me at du tek deg ein tur innom HISTORTIKK sekjsjon på denne sida.

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com