|
Veitastrond på oddsen
Det tok oss 6 lange år, men no endeleg har me oppnådd eit av klubben sine store mål - Veitastrond Fotball er kommen på oddsen. Det er det anerkjente bettingselskapet Nordicbet som no opnar for spel på 4.divisjonen i Sogn og Fjordane. Dette til stor glede for alle våre spelegale supportarar, som me veit det er mange av...
På Nordicbet sine heimesider kan ein tippa både på kvar enkelt kamp samt på kven som vinn årets 4.divisjon. Veitastrond er tippa på 9.plass med ein odds på 15.00. Samla liste over laga i divisjonen viser at Dale er favoritt til å rykka opp;
| |
|
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
Dale |
|
|
4.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Selje |
|
|
5.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Saga |
|
|
5.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Skavøypoll |
|
|
6.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Askvoll/Holmedal |
|
|
8.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Sandane |
|
|
9.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Førde 2 |
|
|
12.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Syril |
|
|
15.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Veitastrond |
|
|
15.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Årdal 2 |
|
|
20.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Lærdal |
|
|
20.00 |
|
|
|
|
|
| |
|
Eid 2 |
|
|
40.00 |
Favoritt mot Lærdal
I kampen mot Lærdal på fredag er me halde som småe favorittar med ein odds på 2.10. Samla odds for kampen er;
H: 2.15 U: 4.90 B: 2.10
Tipp dykk til gård og grunn
Me i VIL-fotball tykkjer det er morosamt å sjå at ein no kan satsa pengar på den vesle klubben vår.
Kva med til dømes ein dobbel i helga der ein kombinerar Veitastrond siger mot Lærdal med at Barcelona slår Getafe dagen etterpå?? Dette kling utvilsamt godt i våre øyrer...
No skal ikkje me driva noko spesiell reklame for Nordicbet (sjølv om det er det me alt har gjort), og me skal heller ikkje oppfordra folk til å tippa seg raka fant. Likevel håpar me gjerne at dei som allereie likar å bruka pengane på gambling sjekkar ut oddsen på Veitastrond med jamne mellomrom og satsar nokre kroner på oss. Berre fordi me tykkjer at det er fela stas.
Me skal prøva å følga opp oddsen på Veitastrond, og kanskje gje dykk nokon tips undervegs.
|