Årets spelar: Kurt
Årets maolkonge: Kurt – 26 maol
Årets treningsfantom: Bjørn – 50 poeng. Deltok på 30 av 32 treningar, og 6 av 7 joggeøkter på torsdagane. Har ingen oversikt om han jogga nokon av dei andre dagane i veka! Denne lista viser at det er mange som må gå i seg sjølv når det gjeld jogginga på torsdagane. Arne t.d. var ikkje på jogging ein einaste torsdag i 2009, dette er for svakt!! Richard derimot deltok på jogging alle dei 7! torsdagane i år!
Årets VIL-stjera: Kurt – 38 stjerner - Tek og dei med færrast stjerner; Frank og Frode med ei kvar
Årets assistkonge: Kurt – 14 mål
Årets råtass: Emil – 1 gult og eit raud kort. Men han var ikkje den einaste grisespelaren. Arne fekk og eit raudt kort, medan Kurt og Åsmund hadde heile 4 gule kort kvar. Her må splarane prøva å gå i seg sjølv neste år, og kanskje tenke seg om ein eller to gonnger før dei brasar inn i hovudlause taklingar, eller skjeller ut dommaren etter noter.
Årets juksemakar: Emil. Prøvde å lure til seg tre poeng mot Selje ved å nytte ein ikkje berettiga spelar i kampen. Kampen vart vunnen 3-2, men Selje leverte protest, fekk medhald, og resultatet vart sett til 0-3 og tre poeng til Selje.
Årets gråaste dag: 26.august – Denne dagen vart me trekt 3 poeng, samt at me pådrog oss årets suraste tap borte mot Syril!
Årets straffeskyttarar: Richard og Bjørn – Før årets sesong hadde ikkje VIL bomma på eit einaste straffespark, men det sette desse karane ein brå stoppar for.
Årets byte: Frank Heggestad – kom inn på stillinga 2-4 til Eid etter ca 80 minutt. Kampen enda til slutt 7-4. Kan og ta med at dette ikkje fekk positive effektar for Frank som stort sett vart sittjande på benken resten av sesongen.. Det går rykter om at det framleis sit att rester på benkane etter at han hadde grodd fast i haust
Årets mål: Emil Heggestad – skåring frå midtbana heime mot Førde 2
Veitastrond.com gratulerar alle dei glade prisvinnarane..
Lægreid Hotel
Til slutt lyt me takka kveldens vert Lægreis Hotell for eit glimrande arrangement.
Dei var suverene både på pris, mat, lokal og service og me gjer dei all den honnør som me er i stand til. Me håpar at me kan få til liknande samarbeid me Lægreid i framtida!