|
Vellykka sosialt samvær

Det vart ein særs triveleg dag/kveld for alle dei som var involverte når Veitastrond Fotball i går inviterte til sosialt lag med utanomsportslege aktivitetar i fokus. Spelarane samlast fyrst oppe på England Gard der det vart full krig på paintball bana deira. Deretter trekte me ned i Resalandkjellaren der me såg fotballkamp, spiste pizza og snakka avansert om laust og fast utover kvelden.
Dagen byrja kl 12:00 når tidlegare VIL-spelar Per Helge Hågvar tok i mot stjernegalleriet til Veitastrond på England. Her har han og Øystein England laga til paintballbane og stifta Sogn Paintball - eit meget spenstigt og godt tiltak.
11 spelarar var med, adrenalinet var på topp og med paintballgeværet i handa var det kun ein ting som stod dei tapre krigarane i hovudet - KILL EM` ALL (eller som me her heime på bjerget seier; drep dei alle) ! Me vart delt inn i 2 lag, spelte 4 rundar og heile seansen tok ca 3 timar. Retteleg morosamt var det.
Me hadde diverre ikkje med kamera, men me anbefalar å ta ein tur inn på Sogn Painball sine heimesider der det alt ligg ute bilder frå besøket vårt. Du finna heimesidene deira HER
Ny visitt i Resalandskjellaren
Som festlokalet falt nok ein gong valget på Reslandskjellaren. Dette ligg midt i Fjøra og høver seg utmerket når ein skal vitja Sogndal `by night`.
Me byrja med å sjå kampen mellom Manchester United og Arsenal og bestilte oss rikeleg med mat frå Pizzabakern.
Utover kvelden vart det hyggeleg prat der me diskuterte både vidare ekistens i 4.divisjon og sjølvsagt var me innom alt som hadde med protestar, ankar og SFFK.
Alt i alt var dette ei flott avslutning på ei veke som ikkje har vore den aller beste for Veitastrond Fotball.
Me tok heller ingen bilder frå Reslandskjellaren...
Enkelte misforståingar

Dei fleste festdeltakarane heva nok augnebryna når bergensarane Øyvind Lien og Helge Skjælaaen entra lokalet. Medan dei andre hadde kledd seg godt for det sure haustværet så ankom dei to i surfeshorts og sandaler. Det spesielle antrekket skyldast ei lita misforståing under innbydinga;
"I tekstmeldinga me fekk angåande arrangementet stod det at i helga var det "Strondafest". Eg og Helge tenkte då at temaet for kvelden var bading og strandliv og kledde oss deretter. Det viser seg no i ettertid at det altså var VeitaStrondfest dei meinte, men me får berre prøva å overleva kvelden sjølv om me er noko meir lettkledde enn dei andre deltakarane", uttalde ein like blid, men noko kald Øyvind Lien til Veitastrond.com sin reportar på staden.
Ein annan som hadde misforstått innbydinga var Gaute Olstad. Han var ikkje å sjå heile kvelden grunna at han hadde teke feil av tidspunktet. Medan dei andre spelte paintball kl 12:00 på dagen trudde Gaute at det var tolv om natta dei meinte. Eit kvarter over midnatt ringte han lettare irritert frå England Gard til Richard Nes og lurte på kor i helsike det vart av dei andre.
"Herregud also. Dei må no klara å presisera om dei meinar kl tolv på dagen eller kl tolv på natta veit eg. Dette er i vertfall siste gong eg blir med på noko sånne sosiale greier med fotballaget...amatøropplegg kallar eg dette", sa Gaute over telefon i mørket på England...
Leiinga i festkomiteen lovar å skjerpa inn sine eigne rutinar neste gong dei skal innby til sosial samvære.
|