|
Frank Heggestad venstrebackskule

Sogndal sin sisteskanse Terje Skjeldestad har i mange år hatt stor suksess med sin keeperskule, der unge håpefulle målvaktar får spesialtrening av røynde keepertrenerar. I lys av dette har no Veitastrond sin veteran Frank Heggestad gått i gang med å starta sin eigen skule der han vil ha fokus på venstrebackar. Tanken bak dette er å få unge fotballspelarar til å satsa 100% som venstrebackar heilt ifrå dei er små. I følge Frank er det i dag alt for mange unge som går rundt med ein draum om å spela i meir attraktive posisjonar, som spiss eller sentral midtbane for sine favorittklubbar, og han meinar at nålauge ikkje er fullt så trangt om ein satsar som venstreback. Difor ser han sitt snitt til å sjølv gjera suksess med å utvikla unge fotballspelarar til proffar ved å tenka i nye baner med sin eigen venstrebackskule.
Frank Heggestad er 35 år og har spelt fotball nesten samanhengande i 25 år. Han har ei fortid i Sogndal, Hafslo og Norane, der han nok hadde sin glansperiode med nørene på slutten av 90-talet. Norane klatra då oppover i divisjonssytemet og ein av nøkkelspelarane deira var Frank som sentral midtbanespelar.
Når han no byrjar å dra på åra, er vorte litt tyngre i sessen og litt treigare i fråsparket har han etterkvart blitt satt ned som back. Fyrst som høgreback før han i dei siste kampane har vorte flytta over på venstre. Det er på bakgrunn av desse erfaringane han no vil få unge fotballspelarar til å satsa som venstreback heilt i frå dei er små;
"Når eg ser attende på mi eiga fotballkarriere ser eg at når eg var på topp så var eg ein habil midtbanespelar på amatørnivå. Etterkvart som eg har drege på åra spelar eg no for det meste på backen, og eg finn det oppsiktsvekkande at når eg spelar i denne posisjonen framleis kan kalla meg ein habil fotballspelar på dette nivået. Det får meg sjølvsagt til å undrast kor god eg eigentleg kunne ha blitt dersom eg hadde spelt back heilt i frå byrjinga? - ganske så god vil no eg tru i allefall"
Lettare å slå igjennom på backen
Dei fleste unge fotballspelarane går rundt med ein draum om ein dag å kunne leva av fotballen. Som regel er det spelarar som Messi, Ronaldo og Kaka som er målestokken og kven kunne vel ikkje tenka seg ein spissplass på Barcelona?
Frank meinar at det er alt for mange om beinet på dei mest attraktive posisjonane og han oppmodar dei unge om å tenka i andre baner for å oppfylla proffdraumen sin;
"Venstrebacken er slik eg ser det den minst attraktive posisjonen på eit lag. Dei få som faktisk er venstrefota får som regel spela venstreving, venstreindreløpar eller venstrespiss. Dei som er dårlegaste på laget må kanskje ta til takke med backplass og sidan alle dei venstrefota er opptekne lengre framme på bana er det ofte andrevalet på høgreback som må ta til takke med venstrebacken. Sidan ca 99% av alle fotballag i verda faktisk spelar med ein venstreback anbefalar eg her dei unge om å legga bort draumen om spissplassen og heller satsa alt på backen.", uttalar ein engasjert instuktør medan han peikar og forklarar korleis ein venstreback skal opptre ute på bana.
Stor interesse
Frank har klokketru på at det vil bli stor interesse blant dei unge til å vera med på denne skulen. Så langt har han fått 3 konkrete påmeldingar, men han er klar på at her er plass til fleire.
Han oppmodar foreldre om å vera frampå og melda på ungane sine, og sjølv har han allereie meldt på heile barneflokken sin til sin eigen venstrebackskule. Yngstemann er knapt ein månad gammal, men Frank seier han har mange gode øvelsar sjølv for born i så ung alder; "Ja så absolutt, til tidlegare ein byrjar med treninga til betre venstrebackar får ein veit du"
Frank innrømmer og kva planen er for elevane på venstrebackskulen sin; "Eg reknar nok med at det skal bli både ein og to fotballproffar her i huset etterkvart", avsluttar ein sjølvsikker Heggestad, som ikkje legg skjul på at han allereie budsjetterar privatøkonomien sin med at han vil tena store pengar som agent for sine eigne born når dei veks til og gode venstrebackar er blitt.
Veitastrond.com ynskjer Frank lukke til vidare med venstrebackskulen sin, og me oppmodar unge fotballspelarar om å gripa den unike sjansen dei her får til å bli ekte fotballproffar.
|