Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Vidar Vadseth takkar for seg

VIL-fotball er så smått byrja å røra på seg etter ein liten vinterpause, og det fyrste som vart gjort var å høyra med spelarane om kven som vert med vidare. Av 25 mann har me fått mange klare ja, eit par seier tja medan nokon svarar "trur no da". Den einaste som har gitt klart signal på at han ikkje vert med vidare er Vidar Vadseth, som etter 3 sesongar med Veitastrond no legg fotballskodan på hylla. Dermed er ein av dei mest karismatiske spelarane til Veitastrond både på og utanfor bana borte, og det er liten tvil om at Vadsethen vil bli savna i VIL-miljøet.

Vidar Vadseth er 30 år og kan sjå tilbake på 3 sesongar med Veitastrond. Han fekk med seg 26 kampar og scora til saman 19 mål. Vidar slutta seg til Veitastrond framfor sesongen 2007, og var på mange måtar med på den revolusjonen som vaks fram frå og med denne sesongen.

Etter 2006 låg klubben nede og det gjekk rykter om at VIL-fotball ville bli nedlagt grunna mangel på folk og ei sviktande interesse. I løpet av vinteren kom imidlertid Vidar inn dørane saman med ei rekke andre spelarar og etter dette kjenner me historia der klubben tok to opprykk på rappen før me klarde å unngå nedrykk frå 4.divisjon i 2009. Med andre ord har Vidar ein flott sportsleg karriere å sjå attende på i VIL-fotball.

Han har spelt dei aller fleste kampane sine som spiss og han har ein imponerande scoringsrate, og det skal takast med at av dei 26 kampane han har spelt har 8 av dei vore som innbyttar. Det vil seia at han har scora til saman 19 mål på 18 starta kampar...

Miljøskaparen

Alle som kjenner Vidar veit at han er ein unik person å ha med seg i miljøet. Han er ikkje akkurat kjendt for å vera lite føre seg, og ingen kan vera så sleivkjefta som Vidar.

Me er sikre på at spelarfestane ikkje vil bli dei samme heretter, og no kan ein faktisk risikera at andre kan få sleppa til å seia noko.

Etter avgangen til Vidar går det no rykter om at Gøran Fimreite òg vil vurdera framtida si i klubben no som hass store førebilete og mentor er borte frå klubben...

Manglar motivasjonen

Med tanke på at Vidar ikkje var involvert med klubben i heile haust var det ikkje særleg overraskande at han ikkje vart med vidare. Det såg lyst ut i vinter då Vidar var i betre form enn nokon gong og han verka til å vera meget motivert til å visa kva han var god for. Utover våren/sommaren så vart han diverre meir og meir fråverande og han har etterkvart prioritert familie og jobb.

I ein kort kommentar til Veitastrond.com så uttalar Vidar at han ikkje har motivasjon til å halda fram og at det då ikkje er noko poeng i vera med. Han nyttar anledninga til å takka alle i klubben for ei flott tid og han ynskjer oss lukke til vidare.

Dette er sjølvsagt gjensidig, og me ynskjer Vidar lykke til vidare med sitt og sine, og me takkar han for sitt bidrag til Veitastrond Fotball.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com