Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Vikheimen sluttar i Veitastrond

Medan VIL-fansen ventar spent på at nye spelarar skal signera for klubben så må dei no fyrst sjå at ein av deira noverande heltar ikkje blir med meir. Etter 2 år i klubben så takkar Ole Kristian Vikheim for seg og legg no fotballskoa på hylla. "Eg har vore i tenkeboksen ei stund, og har funne ut at eg ikkje lenger orkar det presset som det å vera VIL-spelar fører med seg", seier Ole Kristian til Veitastrond.com. Dermed er ein trufast slitar borte, og behovet for å få inn nye spelarar vert no endå større.

Ole Kristian kom til Veitastrond for 2 år sidan, og etter ein kort periode der han berre var med å trena så skreiv han etterkvart under for klubben.

I sin fyrste sesong så fekk han med seg 8 av 15 kampar i 6.divisjon, medan han i fjorårsesongen berre fekk med seg 3 av 14 kampar. I den siste sesongen vart han på mange måtar eit offer for at me ikkje lenger hadde fri byte, men måtte halda oss til 4 bytte på utespelarane pr kamp.

Sjølv om Ole Kristian ikkje alltid fekk så mykje speletid som han sjølv hadde håpa på og som han hadde fortent, så viste han seg som ein særdelese profesjonell (om ein kan nytta eit slikt uttrykk på vårt nivå) kar. Dei gongene han fekk sjansen ga han alltid 100% av seg sjølv, og når han måtte sitta på benken så sa han aldri noko på det. "Berre kjekt å sitta på benken å høyra på røvarhistoriane til Vadseth`n", var ei kjendt frase frå Vikheimen.

VIL-fotball kjem spesielt til savna Ole Kristian på treningsfeltet der han var ein av dei mest trufaste. På dei to åra han har vore med tek han med seg ein 8. og ein 6. plass på treningsstatistikken. Alt i alt har han fått med seg 64 av 85 treningar, og det er rett og slett imponerande.

Siste helsing

I samtalen med Veitastrond.com tidlegare på dagen i dag, så nytta og Ole Kristian sjansen til å takka alle i klubben;

"Det er med stor sorg eg har gått til det steget og sei at eg no legger opp fotballen med Strondi.
Har vore 2 utruleg artige år med ein kjekk gjeng som har det moro ilag. Har og vore 2 gode år der Strondi har rykka opp 2 divisjona.
Det er vel mykje takka vera dei gode trenararane som Strondi har i Emil og Richard, fansen som alltid stiller opp, og mykje gode spelarar!
So eg vil ynskja dei lykke til no når de tek steget opp i 4.div og får føla litt på det nivået. Trur nok eg kjem til og dukka opp på eit par kampar til sumaren og, men då som tilskodar.
 
Då vil eg sei takk for alt, til trenarar, medspelarar, fansen, banemannskap, kioskdamene og alle andre rundt klubben."

Med desse flotte orda frå hovudpersonen sjølv så gjenstår det berre for oss i klubben å takka Ole Kristian for si framifråe teneste i klubben, og ynskje han alt vel i framtida.
 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com